Teknikk, uttrykk, balanse, lytting og samdans
Haustens dansekurs nærmar seg. Velkomen til kurs med “Rotation och sväng” i Gimle helga 22.-23. oktober!
“Rotation ocg sväng” består av Ami Petersson Dregelid og Ellika Frisell. Ami er frilans dansar og pedagog, som underviser på Danshögskolan, Kungl. Musikhögskolan i Stockholm og på Eric Sahlströminstitutet. I Noreg har ho undervist på mellom anna NTNU og Ole Bull-akademiet, i tillegg til kortare kurs. Ellika Frisell er frilans musikar. Ho arbeider deltid på Musikhögskolan og Danshögskolan. Ho spelar fyrst og fremst musikk frå Binsjö og Orsa, men og eigne låtar, musikk frå andre deler av Sverige, og norsk materiale. Ami og Ellika har hatt kurs i Bergen før, og kvar gong har deltakaren gått ut søndag ettermiddag som på skyer, med mykje ny dansekunnskap i hovud og kropp.
Om kurset i 2016 skriv Ami:
Denna kurs vänder sig till dig som har dansat tidigare och vill vidareutveckla ditt dansande. Här får du chansen att finslipa och fördjupa ditt dansande. Kursen fokuserar på samspelet mellan dans och musik och vi kommer att arbeta med teknik, uttryck, balans, lyssnande och samdans. Vi utgår från den kunskap du redan har men bjuder också på nytt material.
Samspel mellom dansar og spelmann er viktig for Ami og Ellika. Dei har jobba tett saman i mange år, og funne kvarande i felles interesse for musikk og dans og møtet mellom dette. Kursa deira er dermed lærerike og inspirerande ikkje berre for den som fyrst og fremst reknar seg som dansar og ynskjer ei større forståing for musikken, men òg for spelmenn som ynskjer det same den andre vegen.
Litt grunnleggande informasjon:
Tid: 22.-23. oktober, laurdag 10-16, søndag 10-15
Stad: Gimle, Kong Oscars gate 18
Pris: 700 / 500 (student/medlem i Bergen ungdomslag Ervingen eller Bygdedanslaget i Bjørgvin)
Påmelding: innan 14. oktober til kontoret@bergen.ungdomslag.no