Kurs i valdresspringar

Andre helga i november får me besøk frå Valdres, og gjestene vil læra oss valdresspringar heile helga.

Helga 8.-9. november skipar Bygdedanslaget i Bjørgvin og Bergen ungdomslag Ervingen til helgekurs i valdresspringar i Gimle. Kurset varar frå 10.00-16.00 på laurdagen og 11.00-15.30 på søndagen. Kursinstruktørar er Stian Roland og Tone Voldhaug, og spelemann vert Laura Ellestad. Roland og Voldhaug har toppa kappleikslistene med springaren sin, og Ellestad er aktuell med plata “Valdresspel i Amerika”, som kom ut i sommar. Me gler oss til å få desse meistrane innan folkedans og folkemusikk til Bergen.

Dansekurs i hallingspringar. Foto: Kjersti J. Nybø

Førre dansekurs Bygdedanslaget og ungdomslaget arrangerte var om hallingspringar. Foto: Kjersti J. Nybø

Tid: laurdag 8. novemer kl. 10 og søndag 9. november kl. 11
Stad: Gimle
Pris: 500 for medlemmer i Bul Ervingen eller Bygdedanslaget / 700
Påmelding: til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan 27. oktober.

Ver med på kurs, lær noko nytt eller få oppfrisking i gamle kunster – og førebu deg til neste års landskappleik på Fagernes!

Kurset vert støtta av Bergen kommune.

Laga av Lauen Dans&Design