Kine Svori

Kine Svori

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES sin MINNESPRIS  til unge utøvarar på hardingfele 2014 er tildelt 18 år gamle KINE SVORI frå Jostedal, Sogn og Fjordane. Prisen, som er på 10 000 kroner og diplom vart delt ut på Vestlandskappleiken i Granvin laurdag 4. oktober.

Styret om prisvinnaren: Kine er fødd i 1996 og har spelt hardingfele sidan ho var 8 år. Ho har fått opplæring på hardingfele gjennom fylkesmusikarordninga i Sogn og Fjordane m.a hatt Harald Hesjevoll, Oda Heidi Bolstad og Synnøve Bjørset som lærarar i kulturskulen.  Ho har delteke på ei rekke spelekurs og er aktiv utøvar i Jostedal spel- og dansarlag. I tillegg til å spele fele, syng ho. Utøvaren har delteke på ei rekkje kappleikar og fått fine plasseringar, både som soloartist og i gruppespel. Idag er Kine elev ved musikklinja på Vinstra Vidaregåande Skule, som er den einaste vidaregåande skulen i landet med folkemusikklinje. Ho får særs gode skussmål frå skulen. Folk i miljøet ho er i fortel at ho er ei engasjert jente som arbeider strukturert og målretta for å bli betre.

Takk til styret for minneprisen takkar Hardanger spelemannslag og Hordaland folkemusikklag for samarbeidet, og at vi fekk nytte Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og vi takkar Sparebanken Vest og andre som gir økonomiske bidrag til prisen.

Laga av Lauen Dans&Design