Hordamønstring 2016

Allereie før fristen for påmelding har gått ut, er over 80 enkeltpersonar – fordelt på 40 startnummer – klare for Hordamønstringa 2016 i Gimle laurdag 12. mars. Størst er pågangen mellom dei yngste, og sjokoladekappleiken kjem til å verta full av gode innslag.

Men òg utover ettermiddagen og kvelden vert det nok å ta seg til. Mønstringane skal vara frå kl. 11-16, og klokka 16 vert det familiefolkedans for dei yngre og dei som kjem i fylgje med dei. Her spelar mellom andre Bergen juniorspelmannslag til dans, det vert lett servering og leia dans og leik. Klokka 19.30 er det dansekveld for ungdom og vaksne, òg denne i Gimle. Her vert det dans til variert musikk – både vårt eige spelmannslag Audhilds, gjester frå Osterøy spel- og dansarlag og ein av våre favorittspelmenn, Håkon Høgemo, står for musikken.

Familiefolkedans, 2015. Foto: Kjersti J. Nybø

Familiefolkedans i Gimle

Du kan lesa meir om påmelding, dommarar, prisar og overnatting på heimesidene våre, og Facebook-hendinga finn du her.

Laga av Lauen Dans&Design