Landkappleikvinnarar på meisterkonsert!

Bergen Juniorspelmannslag gjekk av med sigeren i klassen lagspel junior, under Landskappleiken 2016 i Vågå. Me er svært stolte over å ha så mange og flinke felespelarar i laget vårt.

BergJuniorspelmannslaget LK 2016en Juniorspelmannslag er inviterte til å bidra på Meisterkonsert i Hovudscena i Den Norske Opera,  sundag 20.november. I overkant av 600 billettar er allereie seld, så det er ein ettertrakta konsert. Dette blir ein konsert i eit fantastisk konsertlokale! Meisterkonserten er ein del av ei stor folkemusikk-helg i Oslo. Folkelarm er i år flytta frå siste helga i september til 17. – 19.november. Som tidlegare år er arrangementet med showcase-konsertar og seminar.

https://vimeo.com/album/4017899/video/172330884

http://www.folkorg.no/meisterkonsert-operaen-2016

http://bergen.ungdomslag.no/folkemusikk/junior

Laga av Lauen Dans&Design