Minnepris til Hannah Moira!

Minnepris til stortalent frå Osterøy

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2020 er tildelt 16 år gamle Hannah Moira Midtbø –Bruner, frå Osterøy.

Prisen, som er på 15 000 kroner, vart delt ut på Osafestivalen på Voss søndag 25. oktober.

Hannah Moira er 16 år – og begynte å spele hardingfele allereie som 4-åring.

Ho gjer det skarpt på instrumentet sitt-  og har  i år motteke Norsk Kulturskuleråd sitt Draumestipend  og  Arna og Osterøy sitt kulturstipend for unge talent.  Ho har sidan ho starta å spele-  vore aktiv i Osterøy spel og dansarlag – seinare også fleire år i Bergen juniorspelemannslag. Ho har  ei viktig rolle i begge  laga . Hannah spelar og i  grupper – der ho likar utfordringar med tanke på gode arrangement av slåttemusikken. Interessa for dansespel visar ho som dansespelemann i dei lokale danselaga.

Kandidaten  er ein svært dyktig soloutøvar som bidreg aktivt på scena  i mange samanhengar- og ho kan vise til gode plasseringar på kappleikar både lokalt og på landsbasis.

Kandidaten har hatt Håkon Høgemo som lærar sidan ho var barn –og  ho spelar fortsatt hjå han. I seinare år har ho og hatt Maria Toppe som lærar. 

Kandidaten er nå elev ved musikklinja på Langhaugen vidaregåande skule.

Ho er ein allsidig musikar. I tillegg til å dyrke hardingfelespel – spelar ho både norsk og canadisk folkemusikk på flatfele,- og ho spelar klassisk fiolin.

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

I styret for minneprisen sit:

Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.

____________________________________________________________________

For meir informasjon eller spørsmål:

Nettstad: http://www.bergen.ungdomslag.no/minnepris/ https://osafestivalen.no/arrangement/utdeling-av-audhild-flaktveit-moxnes-sin-minnepris/

Snakke med nokon i styret for minneprisen, om tildelinga: 

Arne Anderdal, tlf. 90165283, Sigrid Moldestad tlf. 90177102, Eva Marie Toppe tlf. 97769649

Laga av Lauen Dans&Design