Dokument

Syn dokumentet: Lov for Bergen ungdomslag Ervingen

LOV FOR BERGEN UNGDOMSLAG ERVINGEN

§1 FØREMÅL
Bergen Ungdomslag Ervingen, skipa 2. mars 2005, er ei vidareføring av Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen.

Bergen Ungdomslag Ervingen er eit frilynt lag som arbeider for norsk mål og kultur.

Laget skal vera aktiv medspelar i utvikling av eit levande og godt miljø for alle aldersgrupper.

Laget er tilmeldt Noreg Mållag og Noregs Ungdomslag og skal samarbeida med hovudorganisasjonane og nærskylde lag.§

§2 MEDLEMSKAP OG LAGSPENGAR

Medlemer i laget kan dei verta som vil fremja føremålet med laget, har fylt 14 år og betalar lagspengane. Røysterett i laget får ein etter 3 månader som medlem.

Barn kan verta medlemer når dei betalar dei fastesette lagspengane for barnemedlemer. Barnemedlemer har ikkje røysterett i laget.

Rådet kan nemna ut heidersmedlemer etter framlegg frå styret.

Styret kan stryka medlemer som ikkje betalar lagspengane, motarbeider føremålet til laget, skadar laget eller ikkje vil retta seg etter lov og føresegner for laget. Slikt vedtak kan ankast inn for rådet.

§3 ÅRSMØTE

Årsmøtet er høgste styringsmakta i laget. Det skal haldast årsmøte i laget kvart år, til vanleg innan 1. mars. Styret kallar inn til årsmøte og kunngjer saklista seinast 14 dagar før møtet. Saker til årsmøtet skal vera sendt til styret innan 1. desember.

Årsmøtet skal vedta lagslov, godkjenna styringsføresegner, fastsetja lagspengane, ta stode til årsmelding, ettersett rekneskap, budsjett, arbeidsplan og andre saker som styret legg fram.

Årsmøtet skal velja styre, råd og gjera andre val i samsvar med styringsføresegnene.

Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller rådet i laget eller 1/3 av medlemene krev det. Styret kallar inn til omframt årsmøte seinast 7 dagar føreåt ved rundskriv til medlemene.

§4 STYRE OG RÅD

Laget har eit styre med 1 leiar og minst 4 medlemer med minst 2 varamedlemer. Laget har eit råd på 5 medlemer med 2 varamedlemer. Rådet skal følgja med i alle økonomiske spørsmål som vedkjem laget, ha tilsyn med laget sine eignelutar og elles vera eit rådgjevande og kontrollerande organ for laget.

§5 SÆRLAG OG NEMNDER
Laget kan ha særlag og nemnder til å ta seg av særskilde oppgåver. Særlaga skal alltid arbeida i samråd med styret.

§6 RUSFRITT MILJØ
Ingen skal nytta rusdrykk eller andre rusgifter på samkomer i laget.

§7 OPPLØYSING
Oppløysing av laget krev vedtak på 2 vanlege påfølgjande årsmøte med minst eitt års mellomrom med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 1/3 av medlemene over 14 år vil halda fram med det gamle lagsnamnet og etter dei gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Slikt krav må sendast styret innan 6 månader etter vedtak på første årsmøte.

Dersom laget ikkje har halde årsmøte og sendt årsmelding 3 år etter kvarandre, skal det reknast som oppløyst.

Sluttar laget skal Hordaland Mållag og Hordaland Ungdomslag ta vare på og forvalta eiga i 15 år, og i denne tida freista å få laget i gang att. Lukkast ikkje dette, skal desse laga nytta medelen i samsvar med føremålet i § 1.

§8 ENDRINGAR I LAGSLOVA OG STYRINGSFØRESEGNER

Denne lova kan endrast på eit vanleg årsmøte når 2/3 av dei frammøtte er samde i det. Endring i § 1, 7 og 8 krev slikt vedtak 2 år etter einannan.

Styringsføresegnene for laget kan endrast av eit årsmøte med vanleg fleirtal.

Framlegg til endringar i lov og styringsføresegner skal sendast skriftleg til medlemene minst ein månad før årsmøtet.

Syn dokumentet: Styringsføresegner for Bergen ungdomslag Ervingen

STYRINGSFØRESEGNER FOR BERGEN UNGDOMSLAG ERVINGEN

Vedtekne på skipingsmøte 2. mars 2005, endra på årsmøte 15. februar 2006, omframt årsmøte 18. juni 2008, årsmøte 12. februar 2014, årsmøte 18. februar 2015, årsmøte 20. februar 2018, årsmøte 20. februar 2019, årsmøte 08. mars 2023 og årsmøte 05. mars 2024.

Bygde på styringsføresegner for Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen, men korrigerte for ny organisering.

§1 Lagsarbeidet
Laget vil arbeida med oppgåver i samsvar med §1 i lagslova. Prinsipprogramma til Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag skal vera grunnlag for lagsarbeidet.

§2 Laget er med i
Noregs Ungdomslag gjennom Hordaland Ungdomslag, Noregs Mållag gjennom Hordaland Mållag, og Bygdelagsnemndi i Bergen.

Laget kan også vera med i og samarbeida med andre organisasjonar. I samråd med rådet kan lagsstyret eller fonds- og eigedomsstyret melda laget inn eller ut av slike organisasjonar.

§3 Årsmøtet

Årsmøte og omframt årsmøte skal haldast og kunngjerast i samsvar med § 3 i lagslova. Innkalling med sakliste skal sendast kvar einskild medlem. Berre saker som står på saklista kan takast opp til avgjerd på årsmøtet.

Årsmøtet vel: Lagsstyre og leiar i lagsstyret, råd og leiar i rådet, styre for særlag og nemnder, fonds- og eigedomsstyre, ettersynsfolk, valnemnd, og gjer elles alle val som årsmøtet pålegg.

Årsmøtet vel også utsendingar til årsmøta i Noregs Mållag, Hordaland Mållag, Noregs Ungdomslag og Hordaland Ungdomslag

§4 Styret

Styret skal samordna alt lagsarbeid og har ansvaret for at lagsarbeidet er organisert på ein forsvarleg måte. Det ser til at dagleg leiing, særlag og nemnder arbeider i samsvar med lover, føresegner og retningsliner for drifta. Styret har ansvaret for driftsøkonomien i laget.

Styret er ansvarleg for alle tilskipingar når lagsnamnet vert nytta. Når styret finn det tenleg, kan tillitsfolk og andre lagsfolk kallast inn til samråding.

Styret er vedtaksført når minst 4 er til stades. 1. varamedlem skal kallast inn til styremøte, men er utan røysterett når alle er til stades.

Styret er ansvarleg for at årsmelding, årsrekneskap og budsjettframlegg for lagsdrifta, inkludert særlag og nemnder, vert sende til rådet for uttale i god tid før årsmøtet.

Styret set opp sakliste for årsmøtet og legg fram årsmelding, rekneskap og budsjettframlegg.

Styret kan tilsetja dagleg leiar/administrativt personale.

Arbeidsinstruks og tilsetjing/arbeidsavtale skal godkjennast av rådet.

Styret har personalansvar for alle tilsette.

Styret skal ha leiar, nestleiar, økonomiansvarleg(e), PR- og rekrutteringsansvarleg(e) og tilskipingsansvarleg(e).

Styret har ansvaret for drift og vedlikehald av eigedomen Eidsholmen i Fana.

Lagshytta Eidsholmen kan brukast til ulike arrangement og samkomer i laget.  Når lagshytta er ledig, kan ho leigast ut til andre.

§5 Rådet

Rådet skal vera eit kontrollerande og rådgjevande organ.

Rådet skal ha leiar og 4 medlemer med 2 varamedlemer. Alle som sit i rådet, må ha vore med i laget i minst 2 år og kan ikkje samstundes vera medlem / varamedlem i lagsstyret, fonds- og eigedomsstyret eller i styra for lagsbruka. Leiar i lagsstyret møter fast på rådet sine møte, men er ikkje medlem. Rådet er vedtaksført når minst 4 rådsmedlemer er til stades.

Rådet sine oppgåver er å:

  • ha tilsyn med lagsstyret, dagleg leiar, fonds- og eigedomsstyret og eigarinteressene i lagsbruka
  • gje tilråding om årsmelding, årsrekneskap og budsjett frå lagsstyret og fonds- og eigedomsstyret
  • gje tilråding om endringar i lover og styringsføresegner
  • godkjenna tilsetjingar og tenesteføresegner
  • kunna gje tilråding i viktige saker som skal fram for årsmøtet
  • kunna gjera vedtak i andre saker når lagsstyret eller fonds- og eigedomsstyret ikkje er vedtaksføre

§6 Særlag og nemnder

Særlag og nemnder skal arbeida i samsvar med føremålet til laget og i nært samarbeid med lagsstyret. Ingen kan vera medlem i særlag og nemnder utan å vera medlem i hovudla­get.

Kvart år skal særlag og nemnder senda årsmelding til lagsstyret.

Laget har desse særlaga og nemndene:

  • Folkedanslaget skal arbeida med folkelege norske dansetradisjonar som bygdedans, turdans, runddans og songdans. Styret i folkedanslaget skal ha leiar og 4 medlemer.
  • Ungdomsgruppa skal arbeida med vanlege lagsaktivitetar som folkedans, musikk, teater o.a. tilpassa alderstrinnet. Styret skal ha leiar og 2 medlemer.
  • Barnelaget skal driva med lagsaktivitetar tilpassa for barn. Foreldra bør ta del i arbeidet, og ein må syta for samkomer der foreldra kan vera til stades. Styret i barnelaget skal ha leiar og 2 medlemer. Desse må enten vera medlemer i laget eller føresette for barn i barnelaget.
  • Audhilds skal ha som føremål å dyrke og ta vare på dei lokale speltradisjonane. Audhilds skal drive opplæringsarbeid, vera ein møteplass for spelemenn og ta opp spørsmål som er aktuelle for dette arbeidsfeltet. Medlemene i særlaget skal vera medlemer av FolkOrg. Styret skal ha leiar og 2 medlemer. Leiar er kontaktperson til FolkOrg
  • Juniorspelemannslaget skal driva spelemannslag for barn med tilhøyrande opplæringsarbeid. Medlemene i særlaget skal vera medlemer av FolkOrg. Styret skal ha leiar og 2 medlemer. Desse må anten vera medlemer i laget eller føresette for barn i juniorspelemannslaget. Leiar er kontaktperson til FolkOrg.
  • Kvedargruppa skal arbeida med vokal folkemusikk. Kvedargruppa skal styrast av ein eller fleire medlemer frå gruppa, og vel desse sjølve.
  • Songkoret ”Kor e’ tonen” skal vera eit tilbod for korinteresserte i Bergen. Koret har som mål å søka utvikling og å syna breidde musikalsk.  Koret skal ha profesjonell dirigent tilsett på marknadsmessig konkurransedyktige vilkår, i tråd med god skikk i bransjen og Creo sine tilrådingar. Årsmøtet skal velje eit korstyre med  Styret i koret skal ha leiar og, 2 medlemar og 2 varamedlemer. Dirigenten skal ikkje vera med i styret, men kan til styremøte kallast inn av styret. Dirigent har møterett
  • Hyttenemnda står for organisering av det praktiske arbeidet med hytta og organiserer dugnadsarbeidet. Nemnda skal ha leiar og 2 medlemer.

Særlaga kjem med framlegg til valnemnda, på kandidatar til eigne særlagsstyre.

§7 Fonds- og eigedomsstyret

Fonds- og eigedomsstyret skal ha leiar og 4 medlemer.

Fonds- og eigedomsstyret har forvaltningsansvaret for alle fond og verdipapir i laget. Styret skal vera laget sin kontakt med lagsbruka og representera laget på årsmøtet i lagsbruka og i andre tiltak der laget har økonomiske interesser.

Disposisjonar som kan vera vesentlege for fond eller eigedomar grunna storleik eller risiko, skal leggjast fram for rådet. Fonds- og eigedomsstyret og rådet skal vera samde før vedtak vert gjort, elles må saka leggjast fram for årsmøtet.

Laget har dette fondet:
Reservefondet er skipa i 2008 etter årsmøtevedtak i Bergen ungdomslag Ervingen. Fondet er slått saman av Selsvikfondet, skipa i 1988 og endra i 2006, og Eigedomsfondet, skipa i 1990. Reservefondet har eigne vedtekter.

§8 Ettersynsfolk
2 ettersynsfolk med 1 varamedlem skal revidera alle rekneskap i laget og skriva revisjonsmelding. Dei skal få lagt fram alle bøker, bilag og opplysningar dei finn nødvendige for dette arbeidet. Ettersynsfolka kan ikkje veljast inn i verv som medfører rekneskap for laget.

§9 Valnemnda
Valnemnda skal ha 5 medlemer. Minst 3 månader før årsmøtet ser lagsstyret til at valnemnda kjem i arbeid. Nemnda kjem med fram­legg til alle val på årsmøtet. I tilrådinga skal valnemnda ta omsyn til kjønnsfordeling av verv.

§10 Representasjon og fullmakter

Styret representerer laget i alt som har med lagsdrifta å gjera. Likevel kan særlag og nemnder representera laget innanfor sine arbeidsfelt. Styreleiar har prokura for det som har med lagsdrifta å gjera. Styret kan også tildela prokura for sitt område til personar i den daglege leiinga eller til andre i laget (sjå §4 Styret).

Fonds- og eigedomsstyret representerer laget innanfor sitt arbeidsfelt.. For større og/eller risikoprega disposisjonar trengst likevel rådet sitt samtykke (sjå §6 Rådet og §7 Fonds- og eigedomsstyret).

Signatur er tildelt to styremedlemer og ein medlem av Fonds- og eigedomsstyret i fellesskap. Kjøp, sal og pantsetjing av eigedom må vedtakast av eit årsmøte. Same årsmøtet må også gje nødvendig fullmakt til styre eller enkeltpersonar til å gjennomføre vedtaket.

§11 Røysting, funksjonstid og utfyllingsval

Alle vedtak vert gjorde med vanleg fleirtal om ikkje anna er sagt. Dobbeltrøyst til leiar eller andre skal ikkje nyttast.

Alle leiarar i styre, råd og nemnder skal veljast for eitt år om ikkje anna er sagt. Det same gjeld varamedlemer og utsendingar. Alle andre medlemer i styre, råd eller nemnder skal veljast for 2 år. Om mogeleg skal dette gjerast på ein slik måte at halvparten står på val kvart år.

Dersom tillitsfolk valde for to år må slutta før funksjonstida er ute, kan det haldast utfyllingsval for resten av funksjonstida.

Når det trengst, har styret fullmakt til å finna nye tillitsfolk fram til neste årsmøte.

Ingen kan ha samanhengande funk­sjonstid i same tillits­verv lenger enn i 12 år.

Syn dokumentet: Føresegner for Bergen ungdomslag Ervingen sitt Reservefond

FØRESEGNER FOR BERGEN UNGDOMSLAG ERVINGEN SITT RESERVEFOND

§1 Fond
Fondet vart vedteke på omframt årsmøte 18. juni 2008 ved å slå saman dei to fonda
”Eigedomsfondet” og ”Selsvikfondet”. Fondet inneheld og lutane i eigne selskap. Fondet vart etablert 1. januar 2009 med revidering på årsmøtet 15. februar 2012, årsmøtet 13. februar 2013, omframt årsmøte 04. april 2016 og årsmøte 20. februar 2019.

§2 Føremål
Føremålet til fondet er å sikra laget sitt økonomiske grunnlag gjennom å tryggja eigedomane Fensal, Gimle og Eidsholmen og anna eige til lag og lagsbruk som gir inntekter til laget, og å yta økonomisk stønad til drifta av laget og til investeringar eller særlege tiltak elles som ikkje fell inn under den vanlege lagsdrifta.

§3 Fondsmiddel:

Fondet består av:

  1. Bundne midlar som består av lutar i eigne selskap
  2. Ikkje likvide midlar, som er eit renteberande lån, kalla obligasjonen, til Ervingen Lagsbruk AS
  3. Likvide midlar plasserte i bank og fond

§4 Fondsstyre
Fonds- og eigedomsstyret i Bergen ungdomslag Ervingen er styre for Reservefondet.

§5 Forvaltning
Fonds- og eigedomsstyret skal ta vare på og auke fondsmidlane på beste måte.

Dette skal særleg gjerast ved å plassere midlane i bank, fond, lån mot pant i fast eigedom innanfor 60% av marknadstakst eller i andre sikre plasseringar til best mogleg avkasting.
Slike plasseringar kan Fonds- og eigedomsstyret gjere åleine.

Dersom midlar skal plasserast til ein høgare risiko, kan Fonds- og eigedomsstyret gjere dette i samråd med Rådet.

§6 Årsoppgjersdisposisjonar og løyvingar av fondsmiddel.
6.1 Årsoppgjersdisposisjonar.

Årsresultatet til Reservefondet skal årsmøtet fordela mellom styrking av fondsmidelen og overføring til lagsdrifta, etter innstilling frå Fonds- og eigedomsstyret og Rådet. Til vanleg bør den delen av årsresultatet som går til styrking av fondsmidelen, utgjera 10% av årsresultatet.

Renter for ”Obligasjonen” skal som hovudregel gå til lagsdrifta.

6.2 Løyvingar av likvid fondsmiddel.
Løyvingar av fondsmiddel til investeringar / vedlikehald på Eidsholmen eller til andre særlege tiltak som ikkje kjem inn under den vanlege lagsdrifta, kan Fonds- og eigedomsstyret gjera i samråd med Rådet. Dersom desse ikkje vert samde, eller løyvingar totalt pr. år utgjer meir enn 100 000,- av den likvide fondsmiddelen, skal saka avgjerast av årsmøtet med 2/3 fleirtal. Alle løyvingar skal skje etter søknad.

§7 Årsmelding og rekneskap

Fonds- og eigedomsstyret skriv årsmelding for fondet. Årsmelding og fondsrekneskap vert sendt saman med årsmelding og rekneskap for resten av laget til Rådet for tilråding og årsmøtet for godkjenning.

§8 Endring av føresegnene
Årsmøte i Bergen ungdomslag Ervingen kan endra føresegnene med 2/3 fleirtal etter at Fonds- og eigedomsstyret og Rådet har gjeve tilråding eller uttale.

Saman med føresegnene for Reservefondet gjeld lov og styringsføresegner for Bergen ungdomslag Ervingen, som har reglar om fristar og saksgang for endring av føresegnene.

Syn dokumentet: Vedtekter for Audhild Flaktveit Moxnes sin minnepris til unge utøvarar på hardingfele

VEDTEKTER FOR AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE

1. Bakgrunnen for oppretting av minneprisen har vore eit ønske om å oppmuntra
unge utøvarar på hardingfele, og slik minnast ho Audhild. Audhild var aktiv
utøvar på hardingfele og ho dansa folkedans. Som lita jente vart ho med i
barneleikarring, og i ung alder byrja ho å spele hardingfele. Audhild hadde
mange vener i folkemusikkmiljøet, og slik sett vil ein minnepris utdelt til
andre unge kjennast rett. Audhild omkom i ei trafikkulykke 19. mars 2004, og
ho vart berre 17 år gammal. Starten på fondet er knytt opp mot ”Ein sjeldan
blome”, minnekonserten i Gimle, Bergen, 10. mars 2006.

2. Formålet med minneprisen er å styrke interessa for utøving på hardingfele
mellom unge, og slik oppmuntra til varig interesse for spelet. Minneprisen skal
delast ut til ein lovande utøvar på hardingfele. Personen skal vera i alder som
tilsvarer C-klassen på kappleik, og vera frå Vestlandet. Det skal vera eit
personleg stipend.

3. Minneprisen sin konto er eit bruksfond der både kapital og renter kan nyttast
til minneprisen sitt formål, dette gjeld også kapital og renter som seinare måtte
bli tilført minneprisen. Midlane står på konto i Fana Sparebank, konto
3411.27.37245, tilhøyrande Hordaland folkemusikklag. Dei skal nyttast til
minneprisen og kostnader knytt til denne.

4. Styret skal stå for utveljing av kandidat og tildeling av minneprisen. Styret
skal bestemma størrelse på tildelinga. Dei skal vidare velja arena for utdeling
av minneprisen, t.d. Vestlandskappleiken. Minneprisen bør delast ut årleg.

5. Styret for minneprisen: Styret har 3 medlemmer som har lik røysterett.
Hordaland Folkemusikklag vel 1 representant.
Bergen Ungdomslag Ervingen vel 1 representant.
Familien vel 1 representant.
Medlemmene har personlege varamedlemmer. I opprettingsfasen fungerer ei
arbeidsgruppe på 4 personar. Etter 2 år vert styret valt etter vedtektene. Skulle
Hordaland Folkemusikklag for kortare eller lengre periodar vera ute av drift,
skal Bergen Ungdomslag Ervingen ha ansvaret for folkemusikklaget sine
funksjonar.

6. Minneprisen har eige rekneskap. Styret har råderett over midlane og ansvar for
at det vert ført rekneskap og oppnevnt revisor. I opprettingsfasen har
Hordaland Folkemusikklag rekneskap og revisjon. Styret tek stilling til når
kapitalen er for liten til at det kan utdelast ein minnepris. Styret avgjer då
korleis minneprisen skal avviklast og korleis restmidlane skal nyttast.

7. Endring av vedtektene kan gjerast etter samrøystes vedtak i styret.

Syn dokumentet: Lov for Bygdelagsnemndi i Bergen

LOV FOR BYGDELAGSNEMNDI I BERGEN
Opprinneleg vedteke 2.9.1939. Sist endra 5.12.2000

§1
Bygdelagsnemndi er ein samskipnad av frilynde lag i Bergen. Nemndi hev til fyremål å vera ein bindelekk millom einskildlagi, arbeida for samhald, gjeva rettleiding i lagsarbeid, vera talerøyr til samfundet i saker med sams interesse for einskildlagi, styrkja samkjensla mellom bygd og by, styrkja og fremja det som kan tena framvokster av folkekultur og norskdom i folket.

§2
Alle frilynde lag som godtek denne lovi, kan verta med i Bygdelagsnemndi. Utmelding må sendast skriftleg til styret innan oktober månad, elles må det svarast årspengar ogso for neste år.

§3
Bygdelagsnemndi skal ha eit råd, samansett av inntil 3 utsendingar frå kvart einskildlag. Minst 1 av utsendingane skal vera medlem av styret i laget. Ved avrøystingar skal kvart lag ha røystevekt i høve til medlemstalet. Lag med 50 lagsfolk eller minder hev 1 røyst, lag med 51-100 skal ha 2 røyster og lag med yver  100, 3 røyster.

§4
Årsmøtet i rådet vel eit styre på 3 medlemer med 2 varamedlemer; formann, skrivar og kassastyrar. Formannen vert vald ved serval 1 år, dei andre 2 for 2 år, slik at 1 gjeng ut kvart år. Varamedlemer vert valde for 1 år. Ettersynsmann i det medlemslaget som formann kjem frå, skal vera ettersynsmann for Bygdelagsnemndi.
Medlemene i styret bør vera medlemer av lagsstyri.
Styret skal kalla inn og gjennomføra rådsmøti, krevja inn medlemspengar og halda yversyn yver økonomien.
Styret er vedtaksført når 3 styre-/varamedlemer er til stadet.

§5
Rådet hev møte minst 2 gonger um året og elles når styret eller minst 3 medlemslag krev det. Rådsmøte skal kallast inn skriftleg minst 2 vikor på fyrehand. Formannen styrer møti. Styret hev røysterett på rådsmøti med 3 røyster. Kvart årt, seinast i mai månad, legg styret fram årsmelding og ettersett rekneskap. Årsmelding og rekneskap bør sendast til einskildlagi saman med innkalling til årsmøte. På årsmøtet skal det veljast styre, godkjennast årsmelding og rekneskap, fastsetjast årspengar og veljast fellesutsendingar til andre komitear og utval, 17. mai-komiteen i Bergen og Kyrkjenemndi.

§6
Bygdelagsnemndi skal vera eit felles kontaktorgan for medlemslagi. Nemndi skal arbeida for å fremja eit godt samarbeid millom einskildlagi, m.a. ved at lagi upplyser um planlagde aktivitetar og samordnar tiltak der det høver. Vedtekne tiltak skal planleggjast og utførast av arbeidsgruppor med deltakarar frå dei lagi som er med.
Bygdelagsnemndi er andsvarleg tilskapar av fellestiltak.
Bygdelagsnemndi bør vera kontaktledd i høve til offentlege organ og andre organisasjonar.
Styret skal halda politiske sermeiningar burte frå arbeidet i Bygdelagsnemndi.

§7
Årspengar i høve til medlemstalet i einskildlagi vertfastsett p åsame måte som røystevekti, fr.§3. Grunnsum vert fastsett på årsmøtet for eit år framyver. Årspengar skal sendast Bygdelagsnemndi innan februar månad.
Medlemslagi skal innan utgangen av mars månad senda attende til styret tilsendt meldingsskjema.

§8
Vert det vedteke å leggja ned Bygdelagsnemndi, eller minkar talet på einskildlag som er med til under 3, skal arkiv og pengar takast vare på av Universitetet i Bergen. Vil minst 3 einskildlag innan 10 år taka uppatt arbeidet med Bygdelagsnemndi, skal arkivet og pengane gjevast attende til Bygdelagsnemndi. Um so ikkje er tilfell, vert arkivet Universitet si eiga, og pengane skal nyttast til gransking av folkeminne i Hordaland og Sogn og Fjordane.

§9
Lovene kan brigdast på eit årsmøte når minst 2/3 av utsendingane, rekna etter røystevekt, er til stades, og minst 2/3 av desse, rekna etter røystevekt, røystar for det. Framlegg til lovbrigde skal vera sendt einskildlagi minst 2 månader på fyrehand.

Styringslinjer for lagsdrifta (Du må vere innlogga for å lese!)

Skjema

Billagsskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Kontraktmal

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Innmeldingsskjema, born

Last ned (pdf)
Last ned(doc)

Innmeldingsskjema, vaksne

Last ned (pdf)

Last ned (doc)

Løns- og utgiftsskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Oppgjersskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Rapportskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Samtykkeskjema
for bilete og film

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Reiserekningskjema

Last ned (pdf)
Last ned (doc)

Laga av Lauen Dans&Design