Arkiv | Ymse

RSS-straum for denne seksjonen
vartonar

Vårkonsert

Sundag 8. mai inviterar Kor e’ Tonen til vårkonsert i Slettebakken Kyrkje kl. 16.00. Det vert vårlege tonar i form av folketonar, nye og gamle klassikarar. Velkomen! Billetsal i døra med Vipps eller kontant: 200/150 (vaksen / barn, student, honnør) Med: Kor e’ Tonen og dirigent Thea Meidell Sjule.

4337

Kurs i telespringar og telegangar

Kurs i telespringar og telegangar, i Fensal, 14.-15. mai.  Kurset vert halde av Arnhild Brennesvik og Eivind Bakken. Kenneth De Gala vert spelmann.  Kurset varar frå 11-16 på laurdag og 10-14 på søndag.  Pris: 500 kroner for medlemar, 600 kroner for ikkje-medlemarPåmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan sundag 24. april. Arrangør: Bygdedansslaget i Bjørgvin og Bergen ungdomslag […]

Bilde-18.10.2021-19-11-16

Strålande gjennomførd Hordakappleik

Strålande fint vårver og strålande flott Hordakappleik og sjokoladekappleik med over 80 startnummer! Tusen takk til Cutters, Columbi Egg, Litteraturhuset i Bergen og Godt Brød for permiar. Takk Lerøy seafood, Toppe gartneri og Saft suse for sponsing, og til Begren kommune for stønad. Tusen takk til alle dei friviljuge dugnadsfolka, dommarane og deltakarane – både […]

wR__XYEI

“Koma no!”

Ein konsert med Audhilds og Kvedargruppa. Laurdag 26. mars, klokka 18:00 vert det skipa til konsert i Festsalen, Ervingen Kulturhus, Kong Oscars gate 18.  Audhilds, studentspelemannslaget i Bergen ungdomslag Ervingen, og Kvedargruppa i Bergen sameinar krefter og inviterer til eit lite avbrekk der spel, danseslåttar, stev og folketonar står i sentrum. Her vert det svingande […]

steinar-rygg

“Spelemannen Leif Rygg i ord og tonar” Gimle, 19. mars, kl. 20.30

av og med Steinar Rygg Ei forteljing i ord og tonar om spelemannen Leif Rygg sin entusiasme for folkemusikken i kombinasjon med eit aktivt yrkesliv som «landmålar» til utøvande folkemusikar. Her kjem bilde frå barndomsåra, familie- og arbeidslivet, organisatoren, pådrivaren, og utøvaren, samt slåttar han utøvde. Bjølleslåtten Oppvekst og stølsliv 2. Lengt God kontakt med […]

IMG_20210531_191633

Hordakappleik i Bergen 19. mars 2022

Laurdag 19. mars 2022 skipar Bergen ungdomslag Ervingen til Hordakappleik i Bergen. Vi håpar de har lyst å ta turen!                                                                   Stad: Gimle – lagshuset til Bergen ul Ervingen, Kong Oscarsgate 18. Dagsprogram: Juniorklassar            10.30 – 12.30 Sjokoladekappleik   13.00 – 16.00 Familiefolkedans     16.00 – 17.30 Kveldsprogram: Seniorklassar                                              19.00 – 20.30 Konsert og føredrag m/ […]

Tippe+tippe+tue+-+facebook

Familiekonsert 14. februar

Barnesongar, -leikar og -regler i fantasifull innpakning   Velkommen til familiekonserten “Tippe tippe tue” i Gimle, måndag 14. februar 2022, kl. 17.00 Inngang kr. 100 Kan du stein, saks, papir? Paradis? Kva med stiv heks i springarform? Bli med til leikeplassen med Ole, Malin, Ingrid, Marin og Tom, og bli kjend med desse og mange […]

d7ab50706f93d63ff03bdf683b52dc8d--danish-christmas-scandinavian-christmas

Julelagsmøte 6. desember

For å få plass til alle som har lyst å delta, vert julelagsmøtet litt annleis enn tidlegare år. Me delar møtet i to grupper med servering og åresal – og har felles underhaldning.Kl. 16.30 – 17.30: Graut og åresal for alle som tilhøyrer barnelaget, Juniorspelmannslaget og småkvedararne med familile. Kl. 17.30-19.00: Alle er velkomne til underhaldning […]

Laga av Lauen Dans&Design