Forfattararkiv

Det var mange frammøtte på kurs i Valdresspringar.

Oppvarming til landskappleik med valdresspringarkurs!

Helga 08.-09. november arrangerte folkedanslaget og bygdedanslaget kurs i valdresspringar i Gimle. Stian Roland og Tone Voldhaug instruerte medan ivrige vestlendingar prøvde å halde takten til dei vakre tonane frå Laura Ellestad si fele.   Det var heile 37 deltakarar på kurset, og helga var fylt av ny lærdom, mykje frukt og kjeks, gode samtalar […]

Ungdomsringen og Flava Few viste at det ikkje treng å vere grenser mellom ulike danseartar denne kvelden.

Dans utan grenser

Torsdag 23. oktober fekk ein fullsett Fensal oppleva storslegen dans frå to ganske ulike dansegrupper. Då gjekk ungdomsringen saman med dansekompaniet Flava Few, og viste det beste frå to danseverder. Den tradisjonelle folkedansen møtte halsbrekkande breakdance og hiphop. Kontrastane i dansestilar var store, men grensene var borte. Alle foto: Kjersti J. Nybø Førestillinga var åpningsnummeret […]

I Grunn! får ein oppleve det beste frå to danseverder- på same golv. Felespelar er  Maria Skjeldrum Toppe.

Grunnsteg og undergrunn i Fensal

Kva har folkedans og streetdans til felles? Kom og sjå Ungdomsringen frå Bergen ungdomslag Ervingen og dansekompaniet Flava Few finne fellestrekka i Fensal på torsdag! Ungdomsringen og dansarar frå Bergen Internasjonale Kultursenter hadde denne helga si siste intensive øvingshelg før førestillinga “Grunn! Undergrunn møter grunnsteg”. Saman har dansarar frå Ungdomsringen og det internasjonale dansekompaniet Flava […]

Alle dei gamle lagsfanene til dei to tidlegare separerte ungdomslaga var utstilt.

Ei ny fanesak

Laget skal ha ny fane, men korleis skal ho sjå ut? Onsdag fekk dei frammøtte på lagsmøtet  vita litt meir om faner då Liv Marit Idsø gjesta Gimle. Med seg hadde ho materiale frå si nye bok om faner, og ho viste mange flotte døme. Alt frå dei fyrste frå sluten av 1800-talet, til faner […]

Rebusløp 2014

Rebusløp 2014

Som vanleg skipar laget til rebusløp kvar vår etter at leikøvingane tek slutt. Også i år løyser vi rebusane medan vi går omkring i sentrum, berekraftig og miljøvenleg. Vinnarane frå i fjor laga rebusane, og dei fem laga fekk nok å bryna seg på. Ruta var nokså kort: utover Bryggen og heim att gjennom Vågsbunnen, […]

Dugnad på hytta 2014: Rigmor og berit vaskar opp

Vårens vakraste eventyr: dugnad på hytta!

Overskrifta er ikkje teken ut or lufta, for på onsdag synte vergudane seg frå den aller beste sida. Kanskje har hyttestyret kontaktar der oppe? Uvanleg mange møtte opp, slik at Tordenskjold sine slitne soldatar (=hyttestyret) fekk hjelp. Etter ei matøkt med kaffi og Knut si Brownie-kake var alle klare til innsats, og på merkeleg vis fann […]

Laga av Lauen Dans&Design