Dragegjengen
Spelmannslaget Dragegjengen består av ti andreklassingar ved Krohnengen skule. Dei har i løpet av hausten fått kjennskap til folkedans og folkemusikk. Tysdag 01. desember fekk om lag 30 foreldre, søsken og andre kjente høyre spesialkomponerte slåttar og ta del i dansen.
Rett før sommaren tok ei engasjert mor kontakt med laget. Ho ville at borna skulle ha eit folkedans- og folkemusikk-tilbod i SFO-tida. Difor har Maria Skjeldrum Toppe og Ida Marie Rognsvåg leda borna i dans og spel tolv tysdagar i haust. Borna har hatt enkelttimar med feleopplæring og felles timar med samspel og dans. Både dei og foreldra set stor pris på det glimrande arbeidet til instruktørane.
På avslutninga av semesteret viste borna at dei likar å spele og danse. Dei hadde ein flott konsert, der dei mellom anna song og spelte si heilt eigen slått. Maria og Ida Marie hadde laga song og melodi av ord som barna hadde bidratt med. Ekstra stas vart det når foreldre blei med i dansen og måtte gå trillebår i marsjen. Sidan det var juleavslutning blei det også tid til peparkaker, klementinar, saft og kaffi.
Me gler oss til fortsetjinga for Morgondagens spelmenn!