Kurs i hallingspringar
Helga 5.-6. april skipar Folkedanslaget og Bygdedanslaget i Bjørgvin til dansekurs. Då kjem Bjørn Lien og Sigrun B. Svenkerud for å læra vekk hallingspringar. Kurset kostar 500 for medlem/student og 700 for andre. Påmelding skjer til kontoret@bergen.ungdomslag.no innan 23 mars. Her er det førstemann til mølla som gjeld, så hiv dykk rundt! Kurset varar frå 10 til 16 på laurdag og 11 til 15.30 på sundag.