Dansens dag 2014

Den siste strålande laurdagen i april vart Dansens dagar markert i Bergen. Ungdomslaget deltok i det offisielle programmet to stader, på togstasjonen og på biblioteket.

Barnelaget og ungdomsringen på togstasjonen. Foto: Mari S. Lysne

Audhilds spelar på togstasjonen. Foto: Mari S. Lysne

Audhilds spelar på togstasjonen. Foto: Mari S. Lysne

Barnelaget og ungdomsringen dansa og Audhilds spelte på togstasjonen, og både reisande og fastbuande som hadde teke turen for å sjå god dans og oppdaga nye grupper fekk ein god smakebit på kva desse gruppene driv med. Etter ein ispause i byparken var det dei eldre sin tur – ungdomsringen og ei gruppe dansarar frå fordjupingsøvinga synte fram bygdedans, runddans og turdans på Bergen offentlege bibliotek, òg dette godt leidd av Audhilds.

Ungdomsringen og fordjupingsøvinga dansar på biblioteket.

Ungdomsringen og fordjupingsøvinga på biblioteket.

Å opptre på Dansens dag, og med det både visa fram ungdomslaget og den store gleda dans kan gje, har blitt ei årviss hending i ungdomslaget, og eit godt høve til å arbeida saman på tvers av aktivitetar og aldrar. Me gler oss til neste år.

Dersom du vil sjå fleire bilete frå Dansens dag, kan du besøka flickr-sida vår.

Laga av Lauen Dans&Design