Audhild Moxnes Flaktveit sin minnepris 2024
AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS TIL UNGE UTØVARAR PÅ HARDINGFELE 2024 er tildelt Emil Røli Daniel, 17 år, frå Ålesund.
Prisen, som er på 20 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken på Skei i Jølster, lørdag 05.10.2024.
Emil Røli Daniel starta å spele hardingfele som 7 åring, og har i alle år vore aktiv i Ungdomslaget Ivar Aasen – og i gruppa Futt og Fart. Han har vore trufast i oppmøte på øvingar, kappleikar og framsyningar, og har vist ei gryande interesse for slåttespel . Hovudvekta av undervisning har kandidaten frå Vidar Underset , og siste halvanna året frå Jan Beitohaugen Granli, gjennom timar i Ålesund kulturskule.
Prisvinnaren har gode plasseringar å vise til frå kappleikar dette året – og har spelt godt på fleire konsertar.
Prisvinnaren spelar slåttar frå sitt heimedistrikt som er Sogn og Sunnmøre – og også frå Valdres og Telemark. Dette gjer han til ein allsidig og kunnskapsrik ung utøvar, som verkeleg byrjar skjøna hardingfela si rike historie – seier lærarane! Dei seier vidare at prisvinnaren er « svolten» på kunnskap og nye slåttar – og er grundig i innstuderinga – og vil ha med alle detaljar.
Prisvinnaren vert omtala som ein svært lovande ung hardingfeleutøvar av lærarane sine – og av miljøet knytt til Ungdomslaget Ivar Aasen i Ålesund.