Som mange andre ungdomslag har Bergen ungdomslag Ervingen eit aktivt lagsbruk. Det første lagsbruket, “Skytningsstova aat Ervingen” i Strandgaten 77, kom i gang i 1903. Sidan den gong har dei to tidlegare bondeungdomslaga drive ei heil rekkje ulike lagsbruk.
I dag er laget eigar av aksjeselskapet Ervingen Lagsbruk a/s, som er morselskap i eit konsern med fleire dotterselskap.
Dotterselskapa er Ervingen Kulturhus a/s, Hordaheimen a/s, og Ervingen Eigedom a/s. Desse selskapa har røter attende til 1920-talet, då båe dei to tidlegare bondeungdomslaga dreiv ulike forretningstiltak. Målet med lagsbruka har alltid vore todelt; å skaffe midlar til lagsdrifta og dei ideelle måla for laget, og å profilere laget utad.
I dag er Ervingen Kulturhus eit selskap som eig og driv dei to kulturhusa i Kong Oscars gate; Gimle og Fensal. Målet med selskapet er å skaffe husrom til lagsaktivitetar og vere eit kultur- og aktivitetshus for amatørar og profesjonelle utøvarar i Bergen sentrum. På gateplan er lokala utleigd til vanleg forretningsverksemd. Båe husa er bygd kring 1900, og har vore brukt som forsamlingslokale frå starten. Det er stor festsal i båe husa med plass til omlag 200 personar, i tillegg er det fleire mindre lokale i husa òg.
Fram til sumaren 2018 dreiv laget Hordaheimen hotelldrift på reine kommersielle vilkår. Hotellet nytta nynorsk som administrasjonsspråk, men støtta elles ikkje opp om ideane til laget i den daglege drifta. Selskapet eigde og dreiv òg hotellet Sandviken Brygge hotell ein periode.
Fram til sumaren 2018 eigde og dreiv Ervingen Eigedom a/s eigedomane i C. Sundtsgate der hotell Hordaheimen held til. Bygget, som eigentleg er fire eigedomar bygd på ulike tidspunkt, framstår etter siste ombygging og påbygging i 2007 som ein heilskapleg hotellbygning.
Historiske selskap:
- L/L Kaffistova til Bondeungdomslaget i Bergen (1912-1963). Namneskifte i 1963.
- Lagsbruki til Bondeungdomslaget i Bergen L/L (1963-2009).
- L/L Hordaheimen
- AS Novus 1979-1999
Eigarlag pr. 2013:
Bergen ungdomslag Ervingen, skipa 2. mars 2005, er ei vidareføring av Bondeungdomslaget Ervingen og Bondeungdomslaget i Bergen.
Lagsbruk i aktivitet i 2013:
- Hordaheimen, C. Sundtsgt. 18. Etablert 1917.
Hotellet er utvida gjennom åra ved kjøp av Standgata 75 og 77, og Holtegården - Hordastova, C. Sundtsgt. 18. Frå 1918.
- Lagshuset Fensal. Kong Oscars gate 15. Kjøpt i 1965.
- Lagshuset Gimle, Kong Oscars gate 18. Kjøpt i 1915.
Nedlagte/avvikla bruk BUL Bergen:
- Kafe Bergenhus, Strandkaien 4.
Eigar: Vestlandske salgslag/ Fellesmeieriet. Hordaheimen sto for drifta nokre få år. Arve Sæle overtok drifta på 1990-talet. - Kaffistova, Torget 1.
- Skytningsstova i Strandgt. 77.
- Kaffistova Paradis
- Kaffistova Løvstakken. (Kafé Løvstakken L/L) Danmarks plass.
- Cort Piil-Smauet 7. Hybelbygg
- Arnastova, Indre Arna (1965-1970)
- Isbaren Snorre
- Selsvik gard
Nedlagte/avvikla bruk BUL Ervingen:
- Skytningsstova aat Ervingen, Strandgt. 77 (1903-1922)
- Skytningsstova aat Ervingen på Torget. Adr. Torget 15. (1907-1918)
- Matsalen Symra i Håkonsgate 39. (1920-1941)
- Skytningsstova/Matsalen til Ervingen, Gimle, Oscarsgt. 15.
- Ei lita kaffistove i lagsrommet i 2. etg. i Gimle. Tok over etter Matsalen i 1. etg. Frå 1924
- L/L Kaffistova til Ervingen i Torgegaarden, Strandkaien 2B. (1927-2009)
Ein kan lese meir om lagsbruka til Ervingen mellom 1900 og 1975 her.