Familiefolkedanskveld og bursdagsfest!
Sundag 15. mars skipar Bergen ungdomslag Ervingen til familiefolkedanskveld, og bursdagsfeiring for laget, som er 10 år i år.
Det heile startar klokka 16.00 i Gimle, der det vert mykje dans og moro. Bergen Juniorspelmannslag står for musikken. Etterkvart vert det kaker, bollar, saft og kaffi, som seg hør og bør på ein bursdagsfest. Etter mykje leik, moro og dans avsluttar me det heile klokka 18.00.
Håpar mange tek med søsken, barn, barnebarn, naboen, slekt og vener innom Gimle denne dagen. Vaksne kr. 60/80, barn gratis!