Vestlandskappleik og jubileumshelg
Helga 13.-14. oktober skipar Bergen ul Ervingen, saman med Spelmannslaget Fjellbekken og Bygdedanslaget i Bjørgvin til Vestlandskappleik og sjokoladekappleik i Gimle, Kong Oscarsgate 18, Bergen. Same helga vert det jubileumsferieing av FolkOrg som er 100 år i år. Me vonar det vert ei helg der folkemusikken og folkedansen verkeleg set byen på hovudet, og at folk frå heile landet strøymer til Bergen.
Kappleiken startar fredag kl. 17.00 med juniorklassar. Klokka 19.00 vert det opningskonert med “framtida til folkemusikken og folkedansen i Vestland”. Medverkande i konserten er ungdom mellom 13 og 18 år som er plukka ut til å delta i eit fordjupingsprosjekt i Vestland fylke. Program for Vestlandskappleiken finn du her.
Har du lyst å delta? Meld deg på her.
Har du lyst å delta på sjokoladekappleiken? Meld deg på her.
Har du lyst å hjelpa til? Meld deg her.
Skal du på jubilieumskonsert i Grieghallen? Kjøp billettar her.
Hjartleg velkomen til Vestlandskappleik og jubileumshelg i Bergen 13.-14. oktober 2023.