Personvernerklæringa gjer greie for Bergen ul Ervingen si handtering av personopplysingar som blir samla inn for å kunne utøve våre tenester ovanfor medlemmer og andre vi jobbar med. Våre retningslinjer er utarbeid med utgangspunkt i retningslinjer til Noregs Ungdomslag, og laget nyttar også desse for personvern i informasjonsarbeid, i personalforvaltninga, i medlemshandteringa og i samarbeid med arrangement.
Dagleg leiar i organisasjonen er den som er ansvarleg for handsaminga om ikkje oppgåva er delegert. Førespurnad om innsyn, retting eller sletting av personalopplysningar kan gjerast ved å ta kontakt med kontoret.
Medlemsskap
Frå medlemmene våre hentar vi inn opplysningar om namn, adresse, telefonnummer, fødselsdato og e-postadresse. Desse opplysningane er grunnlag for å rapportere på medlemstal for å ta imot offentleg tilskot til drift av organisasjonen. I tillegg treng vi kontaktinformasjon på medlemmer for å kunne gje eit tilstrekkeleg tilbod og informasjon knytt til medlemsskapet. Som medlem i Bergen ul Ervingen samtykker du i det organisasjonen brukar personopplysingar til, slik som nyheitsbrev, årsmøteinnkalling, invitasjonar til arrangement med meir. Me nyttar medlemsregisteret Hypersys: ungdomslag.hypersys.no
Alle medlemmer i laget er medlem av Noregs Ungdomslag (NU) og Noregs Mållag (NM).
Les meir om personvern i NU her: www.ungdomslag.no/artikkel/gdpr-i-nu/
Les meir om personvern i NM her: www.nm.no/tekst.cfm?id=4459
Dei som er medlem av Audhilds og Juniorspelemannslaget er også medlem av FolkOrg.
Medlemmer i Kor e’tonen er også medlem av Noregs Korforbund. Les meir om deira personvern her: kor.no/personvern
Bergen ul Ervingen oppbevarer informasjon om medlemskap i minimum ti år, jamfør plikten i rekneskapslova om oppbevaring av billag.
E-post
Du kan sende e-post til oss, men hugs at alle verksemder er sårbare for datatjuveri. Du bør difor ikkje sende sensitivt innhald per e-post. Om vi tek imot ein slik e-post, handsamar vi e-posten i samsvar med innhald og sletter han med ein gong.
Nyheitsbrev
Alle medlemmar som me har epostadressa til får nyhetsbrev. Adressa lagrast i ein eigen database, delast ikkje med andre og e-postadressa slettast når den ikkje lengre er aktuell.
Bruk av informasjonskapslar (cookies)
Heimesida til Bergen ul Ervingen, www.bergen.ungdomslag.no, brukar informasjonskapslar for samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Informasjonskapslane inneheld ikkje personopplysningar. Dei seier noko om talet på besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker. Du kan sjølv forhindre at informasjonskapslar blir lagra på datamaskina di ved å endre innstillinga i nettlesaren.
Påmelding kurs og arrangement
Det er mogleg å melde seg på kurs via e-post. Knytt til dette samlar vi informasjon som namn og kontaktopplysningar i tillegg til allergiar og behov for tilrettelegging. Desse opplysningane blir ikkje brukt til andre formål enn å administrere arrangementa, statistikk, søkje om tilskot og gje informasjon om liknande arrangement.
Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Me delar ikkje personopplysningar til andre, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.