Kvar måndag klokka 19.30-21.30, 2. høgda i Fensal, Kong Oscars gate 15.
Måndagsringen er ein sosial møteplass der dansen er i fokus. Her møtest yngre og eldre, gammal og ny tradisjon, stordansarar og nybyrjarar, og dette er den tradisjonelle leikarringen i laget. Måndagsringen er open for alle, både røynde og nybyrjarar. Det er lagt opp til stor grad av danseleiing, slik at det er lett å få innføring i dansane. Fleire ulike instruktørar syter for variasjon, men òg eit attkjenneleg program og moglegheit for utvikling. Det er levande musikk på alle øvingane. Oftast er det ei eller to hardingfeler som står for musikken, men av og til får me besøk av spelemannslag og toradargrupper.
Kvar første måndag i måndaen er det UFO-dans (uformell dansekveld) der alle som vil kan koma å dansa og spela saman.
Vel møtt!