Besøk frå USA

Ungdomsringen fekk helga 19.-21.juni besøk av Stoughton Norwegian Dancers, ei folkedansgruppe for ungdom frå Minnesota i USA.

Fredag kveld var sengene på Eidsholmen redd opp og fredagstacoen var klar. Då mangla det berre at bussen med dansarar skulle komme heilt fram til hytta. Dei 23 dansarane og sju leiarane vart innlosjert, og fekk slappe av etter ein hektisk dag i Flåm.

Laurdag delte me oss inn i grupper, og ungdomsringen viste amerikanarane rundt i sentrum. Me blei godt kjent med kvarandre på den korte tida, og det var god stemning i gruppa under dans og leik på laurdagskvelden. Ungdomsringen er glad i songdans og amerikanarane satt pris på å lære også denne delen av norsk folkedans.

Alle saman på Fløien

Alle saman på Fløien


Høgdepunktet var vår felles framsyning på Fløyen. Først ei økt med ungdomsringen, så felles dansar. Ungdomsringen hadde plukka ut Tretur frå Fana og Klappdans frå repetoarlista til den amerikanske gruppa. I tillegg dansa me reinlendar, både med og utan turar. Etterpå visste dansarane frå Stoughton ei rekke forskjellige dansar frå både Norge, Sverige og Danmark. Det var tydleg at dei øver ein time kvar dag, før skuledagen byrjar! Ei flott framsyning i solskinet, og også tid til å ta bilete og ete is.

Klappdans

Klappdans

Reilendar

Reilendar

Bergen var siste stopp på Norgesturen til Stoughton Norwegian Dancers. Framsyninga i Bergen var også den siste til tretten av dansarane, då dei gjekk siste året på High School. Mange synes det var vemodig at det var siste dag i bunad, då bunaden var eigd av dansegruppa. Det har allereie vore ny opptaksprøve for å bli medlem i dansegruppa, så nye elevar vil overta bunadene til hausten. Å vere med i dansegruppa er ein aktivitet ved skulen, på lik linje som å vere med på skulen sitt fotballag eller symjelag. Gruppa er svært populær, og dei som kjem gjennom nålauge må gjere seg klar for ei intensiv veke med opplæring før skulen startar til hausten.

Det var eit kjekt besøk og artig å bli kjent med amerikanarar som har same interesse som ein sjølv. Ungdomsringen var eit flott vertskap, og viste Bergen frå si beste side. Takk til instruktør Staci Heimsoth og gruppeleiar Angie Olstad for at dei la turen innom Bergen. Ungdomsringen vil også gjerne takke Rigmor Nesheim Vaular og Øystein Rambjørg for hjelp på kjøkkenet, samt vår lydmann Stig Vaular og medhjelpar Ingrid Koren. Me synes også det var kjekt at medlemmar i laget hadde funnet vegen til framsyninga på Fløyen.

Dear Borghild and Dancers,

THANK YOU, THANK YOU, THANK YOU for hosting all of us at your cabin and dance house. We had a fantastic time with all of you! The kids were playing the game you taught them at the airport! :) We can’t thank you enough for all of the food you made for us and for the great dancing and activities. We are very grateful for everything that you did for us! :)

Please come and visit us during our Syttende Mai celebration in Stoughton!

Enjoy your summer and keep in touch!

Angie

Laga av Lauen Dans&Design