Årsmøtet er det høgste organet i laget. Det blir halde årsmøte kvart år, vanlegvis i løpet av februar. På desse sidene legg me ut sakspapir og protokollar.
§3 Årsmøte
Årsmøtet er høgste styringsmakta i laget. Det skal haldast årsmøte i laget kvart år, til vanleg innan 1. mars. Styret kallar inn til årsmøte og kunngjer saklista seinast 14 dagar før møtet. Saker til årsmøtet skal vera sendt til styret innan 1. desember.
Årsmøtet skal vedta lagslov, godkjenna styringsføresegner, fastsetja lagspengane, ta stode til årsmelding, ettersett rekneskap, budsjett, arbeidsplan og andre saker som styret legg fram.
Årsmøtet skal velja styre, råd og gjera andre val i samsvar med styringsføresegnene.
Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret eller rådet i laget eller 1/3 av medlemene krev det. Styret kallar inn til omframt årsmøte seinast 7 dagar føreåt ved rundskriv til medlemene.
Årsmøte i Bergen ungdomslag Ervingen vert skipa til tysdag 05. mars 2024 kl. 18.00
Stad: Gimle, Kong Oscarsgate 18
-
- Sak 1 Velkommen / opning
- Sak 2 Konstituering
- Sak 3 Årsmelding 2023 og førebels rapport for arbeidsprogram 2023-2024
- Sak 4 Rekneskap 2023 (laget), Rekneskap 2023 (fonds- og eigedomsstyret), Balanse 2023 (samla for laget og fonds- og eigedomsstyret)
- Sak 5 Endring av lov og føresegner for Bergen ungdomslag Ervingen; Lagsstyret sitt endringsframlegg og endringsframlegg frå Dag Inge Bøe
- Sak 6 Budsjett 2024 (laget) Budsjett 2024 (fonds- og eigedomsstyret)
- Sak 7 Medlemspengar 2025
- Sak 8 Fråsegner
- Sak 9 Val