Lagsmøta har ein lang tradisjon i laget vårt, og går attende til den aller første tida. Den gong var hovudaktiviteten i laget føredrag med ordskifte etterpå. No til dags inviterer lagsstyret til lagsmøte omlag ein gong i semestret, der me inviterer ulike foredragshaldarar. Etterpå er det gjerne eit lite ordskifte, kaffi og kaker. Lagsmøta er ope for alle, både lagsmedlemmar og andre som ønskjer å vere med.
Mellom anna har dette vore tema for lagsmøte i det siste:
- Hulda Garborg
- Stadnamn i Bergen
- Forfattarkveld med Ottar Grepstad