Hardingfele + sfo = kjempegøy!
“Det gøyeste var å se hvordan en fele ser ut på ekte”.

Omlag 20 spente og forventingfulle born fekk sitt førest møtet med hardingfele og folkemusikk no like før påske, då Bergen ungdomslag Ervingen, saman med Bergen Kulturskole, starta opp rekrutteringsprosjekt på ein SFO i Bergen.
Prosjektet skal gå føre seg heilt til utgangen av mai, og dei som har lyst å halda fram får lov å ta med seg fela heim og spela på dei i sommarfeien også.
Som instruktørasr i prosjektet har me fått med hardingfelelærarane i Bergen Kulturskole, Elna Selle og Ingvild Kleiveland Vevle. Dei er også instruktørar i Bergen Juniorspelmannslag, saman med Ida Marie Rognsvåg, som også er instruktør for aspirantspelmannslaget i Bul Ervingen, der dei sfo-borna etterkvart kan få bli med å spela saman med dei andre spirantane i Bul Ervingen. Etter ei stund kan dei ta steget opp i Bergen Juniorspelmannslag.
Prosjektet starta med at me gjekk gjennom fele-lageret til Bul Ervingen og fann ut at no var det veldig mange små feler som såg triste ut, då dei ikkje vart spelt på. Då fann me ut at no var det på tide å gjera noko med desse felene, og kontakta ein heldig SFO som fekk tilbodet om å bli med i prosjektet. Me lyste ut 12 plassar, og fekk 19 på melde. Eit luksusproblem tenkte med, og skaffa nokre fleire små feler.

Og jammen vart det lyd i felene alt første øvingsdag. SFO-borna kosa seg og var svært stolte over å få læra å både halda, laga lyd, pakka opp og ned fela av kassen, og korleis ta best mogleg vare på fela. På toppen av det heile fekk dei læra ein liten slått alt første dagen. Så no går heile SFO rundt og nynnar på “Dagen er ny, kykeliky”.
“Det gøyeste var at det gikk an å spille på en fele med bare fingrene”, oppsummerte ei av deltakarane etter første øvingstime.

Etter at alle hadde fått sagt namnet sitt og kva som var favorittdyret, viste assistent Ingeborg og instruktør Ingvild fram hardingfelene og spelte ein slått til SFO-borna, som var starstruck frå første augneblink. “Synes ikke den ligner på en løve eller drage… det ser ut som en hund!”, meinte ei av jentene då Ingvild fortalde om hovudet på fela. Så var det utdelinga var feler, og borna var klar til å prøva å halda, klimpra og prøva å få lyd i fela. “Koffor har ikke min fele en sånn hund?”, lurte ein anna jente på.
“Skal vi også bruke sånn pinne når vi spiller?” var eit av spørsmåla som kom i løpet av timen – og svaret er at bogen skal nok brukast den også, men førebels har den ferie.
Mykje tyder på at første time var suksess, for i etterkant har det kome inn endå fleire påmeldingar frå sfo-born som vil delta i prosjektet.
