Familiekonsert 14. februar


Barnesongar, -leikar og -regler i fantasifull innpakning  

Velkommen til familiekonserten “Tippe tippe tue” i Gimle, måndag 14. februar 2022, kl. 17.00 Inngang kr. 100

Kan du stein, saks, papir? Paradis? Kva med stiv heks i springarform? Bli med til leikeplassen med Ole, Malin, Ingrid, Marin og Tom, og bli kjend med desse og mange fleire leikar og barnesongar. Nokon vinn og nokon taper. Nokon blir sure, og nokon får ikkje vere med. Leik og moro blir sett på prøve når ikkje alle kan reglane, eller det blir brakt inn nye variantar frå ein annan kultur. Men musikk og leik er best i fellesskap, og ulik bakgrunn treng ikkje vere eit hinder, men kan faktisk gje endå fleire moglegheiter!

I denne barne- og familiekonserten er det barnesongar, leikar og regler som står i fokus. All musikken er nykomponert eller nyarrangert av dei fem utøvarane, som også er distriktsmusikarane i folkemusikk i Sogn og Fjordane. Framsyninga hadde urpremiere på Førdefestivalen i 2021, og har fått strålande tilbakemeldingar frå publikum og bransje.

Medverkande utøvarar og komponistar:

Ole Nilssen (akkordion, trekkspel, durspel),

Malin Victoria Alander (vokal),

Tom Karlsrud (trekkspel),

Marin Stallemo Bakke (hardingfele)

Ingrid Stuhaug (hardingfele)

Regi: Jeff Pedersen.

Produsert av Førdefestivalen og Den kulturelle skulesekken Vestland.

Laga av Lauen Dans&Design