Lyst å synga og spela saman?

Foto: Bjørn Feltens
Bergen ungdomslag Ervingen opnar no for gjennomføring av følgande øvingar: koret, Audhilds, kvedargruppa. Dette er berre eit tilbod, særlaget treng ikkje organisere øvingar om ein ikkje har behov/kapasitet til gjennomføring. 
Dersom øvingar skal gjennomførast ber vi om:
  1. Alle må lese rettleiaren for gjennomføring av øvingar https://www.musikk.no/nmr/om-oss/medlemsorganisasjoner/ressurser-for-medlemmer/veileder-smittevern-for-musikkovelser. Leiar i særlaget er smittervernsansvarleg. 
  2. Det kan vere maks 30 personar på øving. Desse kan delast i grupper på 5. Det må vere 1 meter mellom kvar person i gruppa. Det må vere minst 2, helst 4 meter, mellom kvar gruppe. Gruppene kan ikkje endrast i løpet av øvinga. 
  3. Rigging til øvinga må skje før deltakarane kjem. Særlaget får ansvar for å organisere dette. 
  4. Ha ei dørvakt som opnar inngangsdøra nede, slik at ikkje alle treng å ta i den. Alle må sprite seg inn og ut av huset. Dørene til øvingslokalet må vere opne slik at folk kan gå rett inn. 
  5. Utstyr må spritast før og etter bruk. Ein kan ikkje dele på utstyr. Vi ber om at notar/tekst vert sendt på e-post før øvinga. 
  6. Ingen servering under øvinga. 
Gje tilbakemelding til kontoret og Marit dersom de vil ha øving! Still gjerne spørsmål om noko er uklart!
Laga av Lauen Dans&Design