Danse, sa fela! – AVLYST

Familiefolkedans og workshop i Gimle, 15. mars kl. 16-18.
“Danse, sa fela!”
Danse, sa fela er ei eventyrleg reise inn i huldrefolket sitt rike, med friske hallingspark og saftig felespel! Ei lita jente blir sett på prøve når ho blir bergteken inn i fjellet. Kan fuglar, hestar og ormar hjelpe ho? Med kløkt, spenst og listige krumspring prøvar ho å fri seg frå sjølvaste bergakongen. Framsyninga er bygd opp som eit eventyr med moderne og tidlause referansar. Musikken og rørslene er henta frå folkemusikken og folkedansen, og gjennom framsyninga vert også publikum inkludert i den spennande og engasjerande historia. Framsyninga passar for heile familien og born frå 3 til 10 år. Etter framsyninga er det kake-, saft- og kaffipause før det vert danseworkshop for dei som vil vera med på det! https://www.facebook.com/events/803145676827004/?active_tab=about
Laga av Lauen Dans&Design