Bu i Bergen, 100 meter frå Torget og Vågen?

I 5. høgda i Gimle er no leilegheitene total-renoverte og straks klare for innflytting. Det er lagt opp til to bukollektiv, eit med 4 og eit med 5 soverom. Alt er nytt og utført med materialar av høg standard som eikeparkett på alle golv, fliselagde bad med varmekablar, vaskemaskin og tørketrommel, lyse og trivelege fargar på alle veggar.  I tillegg er noko av det gamle særpreget teke vare på som synleg teglsteinsmurar og takbjelkar. På kjøkken er der sjølvsagt oppvaskmaskin, kjøleskap og fryseskap, komfyr, mikrobølgeomn og fult service med koppar og kar. Stove/etestove er fullt møblerte med god plass til alle bebuarar og stor flatskjerm tilkopla breiband. Alle rom har stort garderobeskap og dekning av breiband med WiFi. Huslege er kr 6000 pr månad pluss straum. For visning ta kontakt med dagleg leiar Knut på telefon 9437 8727 eller send ein e-post til gimle@ervingen.no. Søknad med referanse kan sendast til same e-postadresse.
Laga av Lauen Dans&Design