Avlysing av øvingar og tilskipingar

Bergen ungdomslag Ervingen avlyser danseøvingar og dansearrangement i 14 dagar framover sidan desse er vanskelege å gjennomføre samtidig som ein overheld regelen frå kommunen om 1 meters avstand. Øvingar og arrangement som kan gjennomførast samtidig som denne regelen vert følgd; til dømes kvedargruppe, kor og spelemannslag, går som vanleg, med mindre reglane frå kommunen vert endra i løpet av helga. Vi oppmodar dei som deltek på desse øvingane om å vere nøye med å unngå fysisk kontakt, og vaske hendene godt både før, under og etter øving. Vi oppfordrar til å ikkje ha mat på øvingane. Vi ber om at dei som føler seg sjuke helde seg heime, og at dei som er i risikogrupper, vurderer sjølv om dei skal gå på øving. Laget sender ut nye retningslinjer etter behov, og tek ei ny vurdering om danseøvingar/-arrangement innan 14 dagar (onsdag veke 13). Vi oppmodar til å vise solidaritet med meir sårbare grupper, og håpar elles at alle får fine veker framover, og avsluttar med ordtaket: “heller føre var enn etter snar”! :)
Laga av Lauen Dans&Design