Minneord – Olav Ånneland

Heiderslagsmedlem Olav Ånneland gjekk bort 27.august 2018. Gravferda var i Mjømna kyrkje 02.september. Dei som var til stades fekk høyre om Olav slik me kjente han, eit raust menneske med humor og varme. Under fylgjer minneorda frå laget, som vart framførd i den påfølgjande minnestunda.

Olav Ånneland la ned ein stor innsats for laget som forretningsførar for L/L Kaffistova til Ervingen i meir enn 30 år. For denne innsatsen vart han utnemnd til heiderlagsmedlem i Bondeungdomslaget Ervingen på nittiårsfesten i 1990.

Olav hadde kontor i Gimle, men var også mykje i dei andre romma i lagshuset. Om det var noko han kunne gjere for laget, sa han aldri nei.  Han bidrog over ein lang periode, frå han var kasserar på midten av 50-tallet til han var med i  jubileumsnemnda i år 2000. Han var med i alle delar av lagsarbeidet, og sto for både billettsal og underhaldninginnslag. Saman med Spellaget framførde han skodespellet «Lærarsveinen frå Paradis» på fleire av jubilea i laget. Mange hugsar med glede når Olav kom ridande inn på ein heimelaga hest.  Eit anna kjært minne er at han var god til å lese dikt.

I laget er Olav kjent som ein omgjengeleg kar som brydde seg om laget. Han var opptatt av utviklinga til laget, og kom gjerne med innspel. Det var ærlege tilbakemeldingar, og difor var det alltid ekstra kjekt å få skryt av Olav.

Han var eit godt menneske og opptatt av å gjere ting ordentleg. Dersom Olav fekk ei merksemd av laget kom det alltid eit takkekort.

Bergen ul Ervingen vil takke Olav for eit livslangt engasjement for laget. Laget har nytt godt av alt arbeid han har lagt ned. At han sjølv hadde lagsvimpelen ståande framme heime, tek me som eit teikn på at laget har betydd mykje for han og.

Laga av Lauen Dans&Design