Sommaren 2017

Før haustsemesteret er ordentleg i gong, tek me oss tid til eit tilbakeblikk over lagaktivitet i sommarmånadane.

9.-11.juni var det Fylkesstemne for born. Takk til alle deltakarar at de var med på å gjere helga så bra! Det vart dans, leik, baking, teikning, fotografering, speiding, hoppetau laging, stemnetog og natursti. I tillegg tok me bybana, fekk nye vennar, var alt for lenge vaken og åt god mat. Nokre var til og med på Fløyen! Takk til publikum for mange fine tilbakemeldingar etter framsyninga på Torgdagen. Kjekt at 111 hadde teke turen frå Bergen, Fjærland, Lindås, Nordbygda og Skogn. Bilete under er frå barnleikfesten.
barnleikfest

Noregs Ungdomslag sin sommarleir blei arrangert på Fana Folkehøgskole 27.-2.juli. Fleire fornøgde deltakarar frå laget. Sjå bilete frå sommarleiren HER.

Fylkesstemne for born og Sommarleiren kunne ikkje vert arrangert utan gode dugnadsfolk i laget. Lagsstyret er takknemleg for innsatsen. Dugnadsfolk fekk også ein ekstra invitasjon til Hyttedans og grillfest på Eidholmen 2.juli, og omkring 20 dugnadsfolk kom på restefest på lagshytta. Snaustrinda studentspelmannslag frå Trondheim og Audhilds spelte til dans. Snaustrinda feira 40-år som spelmannslag ved å legge ut på Norgesturne. Til trass for regn, blei det ein triveleg kveld på hytta for dei omkring 40 frammøte. Hyttedans

Audhilds deltok også på Landskappleiken på Røros 5.-9.juli. Ein god gjeng på scenen i klassen Lagspel senior. Foto: Liv Annette Nygjerdet Audhilds_landskappleik_Liv_Annette_Nygjerdet

Laga av Lauen Dans&Design