Minneord Finn Vabø

Det var med sorg styret fekk melding om at heiderslagsmeldem Finn Vabø gjekk bort sundag 26.11. november. I minnestunda torsdag 07.12 blei orda under meddelt familie og vener.

På vegne av Bergen ungdomslag Ervingen vil eg takka heiderslagsmedlem Finn for hans innsats i laget. Det er vanskeleg å rekna ut kor mange timar Finn har spelt i Gimle. Det er umogleg å rekna ut kor mykje danseglede han har spreidd gjennom musikken sin.

Finn starta som spelmann i Bondeungdomslaget Ervingen på krakken attmed Jon Rosenlid i 1954. Rosenlid sette stor pris på sin elev, mellom anna tileigna han komposisjonen Vabøen til Finn.  Då Rosenlid flytta tilbake til Nordfjord i 1965 tok Finn over som hovudspelmann for leikarringen, og han spelte på øvingar fram til tusenårsskifte.

Finn var ein verdig arvtakar av tradisjonen til Rosenlid. Finn tok ikkje berre med seg slåttane etter læremeisteren sin, han tok også over ansvar for å læra opp nye spelemenn. Som ein tradisjonsberar, har han forvalta og fornya dansespelet,  og brakt det vidare til yngre generasjonar.  Dermed vil arven frå Finn leva vidare gjennom dagens spelmenn.

Laget er djupt takknemleg for den gode dansemusikken Finn har bidrege med. Han var oppteken av samspelet mellom musikk og dans. Finn opparbeide seg mykje kunnskap om dansen, og er såleis ei viktig kjelde til informasjon om dansen. Laget nyt særleg godt av Finn sitt engasjement for turdansmusikken.

Laget har vore heldig å hatt ein så godt skulert spelmann som Finn. Han stilte alltid opp, enten det var øvingar eller framsyningar. Det var trygt og godt å ha Finn som spelmann. Han var omgjengeleg og skapte eit triveleg miljø rundt seg. Han var ein kjekk venn og hadde alltid ein god kommentar på lur.

Våre tankar går i dag til Ellen og familien.

Laget vil takka Finn for god musikk og godt samvær.

Laga av Lauen Dans&Design