Nye ansikt på kontoret

Styret har lenge hatt eit ynskje om at ledige kontorplassar på kontoret skal nyttast av organisasjonar med samanfallande interesseområda som laget. Dei som har vore innom kontoret i haust har sett to nye fjes som oppfyller denne visjonen.

Live Havro Bjørnstad Foto: Borghild M. Opdahl

Tormod Kleiveland Foto: Borghild M. Opdahl

Tormod Kleiveland
Foto: Borghild M. Opdahl

Live Havro Bjørnstad er prosjektmedarbeidar for Hordaland Mållag og Bergen Mållag. Lagsstyret vil applaudere det gode arbeidet i Hordland Mållag, som har klart å få på plass finansiering til ei stilling.  Live starta i jobben i slutten av august, og hovudoppgåva var å fremja nynorsk frå barnehage til høgare utdanning. Men i september kom intensjonsplan for etablering av Vestlandsregion, der det ikkje kom klart fram kva som skal vere hovudmålføre i den nye regionen. Då blei det viktig å mobilisere mållag og andre nynorsktilhengarar til å sei si meining, mellom anna ved å skrive høyringssvar til fylkeskommunane.

Tormod Kleiveland arbeidar som festivalsjef for Osafestivalen på Voss. Osafestivalen har som føremål og fremja kunnskap og vørnad for norsk folkemusikk – ved tilskiping av seminar og konsertar , der folkemusikken vert formidla i tradisjonell form, i samspel og møte med klassisk musikk og i nykomposisjonar inspirert av folkemusikken vår. Årets festival er nyleg gjennomført, men Tormod  er allereie i gong med planlegginga av neste år festival. Han vert glad om han ser deg på Voss 27.-29.oktober neste år, så marker datoane i kalenderen.

Me har no fått eit kontorfellesskap der målsak og folkemusikk står sterkt. Kanskje kjem det idear til nye prosjekt i lunsjpausane?

Laga av Lauen Dans&Design