Edda/voluspå

Med framsyninga EDDA/voluspå tar kompaniet YMIST. for seg meisterverket Voluspå frå diktsamlinga Den eldre Edda.

voluspåEnsemblet er sett saman av utøvarar med ulik kunstnarleg og kulturell bakgrunn. I fellesskap tar dei for seg dette norrøne diktet som blir rekna som eit av den nordiske kulturkrinsen sine viktigaste og kanskje mest gåtefulle diktverk. Med utgangspunkt i kvar einskild medverkande sin bakgrunn og refleksjonar rundt diktet, lagar dei ei framsyning som fantaserer kring ein til dels gløymt mytologi.

Med fascinasjon for diktet sin eigenart blir EDDA/voluspå ei framsyning som søkjer å bli like rik og frodig som diktet sjølv. Voluspå, eller volvas spådom, er truleg skriven ned på 1200-talet og tek for seg dei norrøne mytane om verdas opphav og verdas ende.

Volva åtvarar Odin og menneska om at verda – slik dei kjenner henne – er på veg inn i eit komande kaos. Ho fortel at dei øydeleggande kreftene alt er slepte lause og at ragnarok snart vil velta over dei.

Bror skal slå bror
og verta hans bane,
systersøner
slit då slektsband,
hardt er i verda,
horskap mykje,
øksetid, sverdtid,
skjold vert kløyvde,
vindtid, vargtid,
før verda styrtar
skal ingen mann
ein annan skåna.

(Gjendikting Knut Ødegård)

Opplevinga av at ein lever i ei endetid har fasinert og skremt menneska i alle tider. Også i vår tid kan ein få kjensla av at enden er nær om mennesket ikkje tar seg i akt og endrar retning.

YMIST. ynskjer å gå inn i denne eksistensielle forvirringa, og gjer det ved hjelp av eit interdisiplinært og internasjonalt ensemble – og til dikt frå vikingtida.

Framsyninga er laga for å bli vist i tradisjonelle forsamlingshus med røter frå ungdomslagsrørsla, og vil dra nytte av dei historiske og arkitektoniske rammene desse husa gir.

Framsyninga er eit samarbeid med Nynorskens hus i Oslo.

YMIST. består av Erlend Samnøen og Morten Espeland.
Til EDDA/voluspå har dei knytt til seg utøvarane Deborah Black (USA), Yanghee Lee (Sør-Korea), Huy Le Vo (Noreg) og Judith Sleddens (Nederland).

Framsyninga blir også vist i:
Ungdomshuset Nordvang (Ål) 20. april, klokka 19.00.
Gimle (Bergen) 22. og 23. april, klokka 19.00.
Ungdomshallen (Stord) 24. og 25. april, klokka 19.00.

YMIST. vil takka Francesco Scavetta og Vitlycke Centre of Performing Arts for prøvelokaler den første delen av prøveperioden.

Kjøp billettar: http://www.billettservice.no/search/?keyword=Edda

www.ymist.org
http://desigjunta.com

 

Til dansarar, skodespelarar og korfolk.
Velkommen til kortkurs ved nokre av landets dyktigaste danse- og sceneinstruktørar; Morten Espeland og Erlend Samnøen vil gi eit gratis kurs på 1,5 time med trening for dansarar, kor og teaterfolk i å bevega seg i eit rom, på ein scene med i forhold til musikk.

Tid: 21. april kl. 19.00, i Gimle. Kurset er knytta til produksjonen EDDA/VOLUSPÅ som har framsyningar i Gimle same veke. For info sjå: ww.nynorskenshus.no

Kurset vart tidlegare halde i BUL Oslo, med stor suksess. Det passa godt for både dansarar, musikarar og songarar!

Laga av Lauen Dans&Design