Sal av Hordaheimen

Under fyljer ei orientering frå Fonds- og eigedomsstyret om salet av Hotel Hordaheimen.

Ervingen Lagsbruk AS har no seld Hordaheimen. Både hotelldrifta og eigedomane i C.Sundtsgate er seld. Bakgrunnen for salet er dårleg drift med store underskot dei siste tre åra, og ynskje frå medlemsflokken om å bruke energi og ressursar på andre aktivitetar enn å drive hotell. Det første punktet var nok den utløysande årsaka til salet.

Etter ombygginga av hotellet i 2007 har gjelda vore høg, og då oljekrisa kom i 2015, med markant svikt i hotellmarknaden, førte det til økonomiske vanskar for drifta. I tillegg hadde selskapet inngått ein avtale om drift av Ole Bull Hotel på Øvre Ole Bullsplass 3, som og vart vanskeleg på grunn av oljekrisa.

Sidan sumaren 2017 har Fonds & eigedomsstyret i samarbeid med styret i Ervingen Lagsbruk AS, og etter råd og påtrykk frå banken til selskapa, arbeidd med ulike løysingar for sal. I mars 2018 skreiv vi kontrakt med Midgardgruppen AS . 11. mai vart eigedomane overteke og 16. mai vart selskapet Hordaheimen AS overteke av Midgardgruppen.

Ynskja frå medlemsflokken om å drive med andre aktivitetar enn hotelldrift har vore oppe både i rådet og i møte for tillitsvalde i laget fleire gonger dei siste åra. Det har både med interessa for forretningsdrift å gjere, det er vanskeleg å få lagsfolk til å ta styreverv i forretningsstyra, og utsiktene til å konkurrere med stadig meir profesjonelle aktørar i ein stadig tøffare marknad.

Salet av Hordaheimen vart nøye diskutert på rådsmøte 17. januar 2018, og selskapsstyra fekk då fullmakt til å selje forretningsverksemda knytt til hotelldrifta. No vart berre Hordaheimen as og hotelleigedomane seld i denne omgang. Ervingen Lagsbruk AS eig framleis selskapet Ervingen Eigedom AS, der ein har fem og eit halvt år igjen av leigekontrakten på Øvre Ole Bulls plass 3 og dotterselskapet Ole Bull Hotel AS i tillegg til Ervingen Kulturhus AS som ikkje har vore involvert i denne prosessen.

Laga av Lauen Dans&Design