Satsing på rekruttering

Årsmøte vedtok gjennom arbeidsprogram og budsjett for 2017 å satse på rekruttering. Frå 01.juni har Kristoffer Kleiveland vore tilsett i ei 20 % stilling i laget, for å få frem nye idear og koordiner rekrutteringstiltak.

Kristoffer Kleiveland er gjerne kjent for fleire som toradarspelar. Han har fordjupe seg i toradar gjennom studiar ved Ole Bull -akademiet og studert pedagogikk ved Griegakademiet, Universitetet i Bergen. Kristoffer har stor kjennskap til folkedans- og folkemusikkmiljøet gjennom sin oppvekst på Osterøy. Han er lærar i toradarskulen til Voss ungdomslag, og er også tilsett i ein deltidsstilling som organisasjonssekretær ved Voss ungdomslag.

Arbeidet til Kristoffer vil vere å synleggjere organisasjonen for aktuelle medlemmer, arbeidet med rekrutteringsprosjekt og vere med på å leggje ein langsiktig strategi for rekruttering. Han vil arbeidet tett opp mot styret, og har allereie vore på to styremøte for å utveksle tankar og idear. Det har starta spannande diskusjonar: Er det betre å gje mange ein smakebit, eller å gje få eit større innblikk? Skal me invitera fleire inn i Gimle, ha meir aktivitetar på andre arenaer eller begge delar?

Målet er å få opp talet på medlemmar. Gjennom å tilsette Kristoffer trur styret at me får ein betre heilskap i det rekrutteringsarbeidet med gjer. Ein får og moglegheit til å prøve ut nye idear, gjerne etter inspirasjon frå andre lag og organisasjonar og i samarbeid med dei.

Styret tek også med seg innspel frå samrådingsmøte 15.mars. Då blei alle tillitsvalde utfordra til å tenke gjennom følgjande; Kvifor vell folk og bli medlem i laget, og kvifor vell dei ikkje å bli medlem? Korleis skal ein bleste aktiviteten? Viggo Bjørge innleia til debatt. Han arbeider som inkluderingsagent for Norges Korpsforbund i Hordaland. Ein kan lese meir om hans erfaringar og tankar om inkludering HER.
Kristoffer har tatt kontakt med dei ulike særlaga, og fylgjer opp ynskjer dei har. Dersom fleire har innspel til rekruttering, send ein e-post til krisoffer@bergen.ungdomslag.no. Det er viktig å komme raskt i gang, slik at Kristoffer også kan vere med på gjennomføringa av tiltak. Kristoffer er tilsett som prosjektmedarbeidar ut året.

Styret ynskjer Kristoffer lykke til i jobben og ser fram til eit spannande haustsemester!

Kristoffer Kleiveland

Kristoffer Kleiveland

Laga av Lauen Dans&Design