Ung leiar med lang erfaring

I vår vart Torbjørn Bergwitz Lauen (24) vald til ny leiar i Bergen ungdomslag Ervingen. Trass sin unge alder har han lang erfaring frå folkedansmiljø og organisasjonsliv. Bli betre kjend med vår nye sjef!

Tekst: Nina Blågestad Bilete: Kjersti J. Nybø

Etter eitt år i styret, tok Torbjørn Bergwitz Lauen over leiarvervet etter årsmøtet i februar. Mange kjenner han allereie som instruktør frå ungdomsringen, folkedans for seniorar eller måndagsringen, men kva gjer Torbjørn eigentlig når han ikkje går i dansesko?
– Til dagleg studerer eg samanliknade politik på Universitetet i Bergen, er humanistisk konfirmasjonsleiar og sit i fylkesstyret i Senterungdommen. Men det er klart det går mykje tid til BULE, det blir gjerne noko kvar dag, fortel den nye leiaren.
Etter at han kom til Bergen som student for tre år sidan, fann han seg fort til rette i folkedansmiljøet i Bergen. Faktisk var det høge dansenivået ei av grunnane til at han valde å studere i byen mellom dei sju fjell. I dag kan han ikkje sjå for seg eit liv utan dansing.
– For meg betyr dans glede. Det er det mest dekkjande ordet, seier den erfarne dansaren, som sjølv har dansa seg opp til A-klassing på kappleik.Bilete av leiar i laget

Fødd til folkedans
Det var kanskje ikkje heilt uventa at den unge Lauen vart bitt av folkedansbasillen, med både foreldre og besteforeldre som aktive dansarar. Sjølv byrja han i barnelaget i BUL Oslo som fireåring, og har vore på mang ein leikfest med foreldra.
– Eg syntes ikkje alltid det var like gøy med dans i barnelaget, og var heller ikkje spesielt flink. Men då eg kom med i Ungdomsringen Austlandet (URA) og byrja å reise på turar, fekk eg augene opp. Det var utruleg moro å treffe folk på eigen alder frå andre plassar, seier Torbjørn og fortel om mange gode minner. Spesielt hugsar han den første Sommarleiren han var på som 14-åring i Vågå.
– Herifrå har eg mange gode minner! I tillegg til det sosiale, oppdaga eg at dans kunne vere himla gøy. Det vart ingen spørsmål om kor eg skulle året etter, for å sei det slik, ler han.
Det vart fleire dansekurs, sommarleierar, Barnleik, Nordleik, verv i Noregs Ungdomslag og instruktørjobbar.
– Spesielt moro synest eg det er å treffe folkedansarar frå heile Norden, seier han.

Nynorskmann frå Oslo aust
På ungdomskulen flytta familien frå Holmlia i Oslo til Høvåg mellom Lillesand og Kristiansand. Oppvaksen på Oslo aust og med ungdomsåra på Sørlandet, er det kanskje noko uvanleg at han i dag er ein svoren målmann.
– Nynorsk er blitt ein del av identiteten min. På skulen hata eg sidemål som alle andre, men for å få betre karakter, byta eg til nynorsk som hovudmål halvvegs på VGS, som den einaste på skulen. Eg skulle berre gjere det i eit halvt år, men fann ut at det var enklare å uttrykkje meg på nynorsk, så eg haldt fram. Det var ein del på skulen som stussa litt, flirer han.

Visjonar for laget
Den allsidige karen er også sjølvlært webdesignar, og har sitt eige firma, Lauen Dans og Design. Han har allereie satt sitt preg på BULE ved å lage dei nye, flotte nettsidene. Modernisering og fornying er noe den nye leiaren brenn for, samstundes som han er audmjuk for den lange og tradisjonsrike historia til laget.
– Me må finne fram til kva me faktisk er. Vi bør vere det naturlege valet om ein interesserer seg for folkekultur og bygdekultur i Bergen. Eg vil òg byggje lagkjensla med at vi er eitt lag – at ein først og fremst er med i Bergen ungdomslag Ervingen, så eit særlag. Eg synest heller ikkje vi skal vere så redde for endringar og å tenkje nytt, seier leiaren, som også har satt seg godt inn i lagets historie.
– Noe av det mest fascinerande er at det var to bondeungdomslag i byen som dreiv med det same i nesten hundre år før dei fann ut det var ein god idé å slå seg saman, seier han.
Styret i Bergen ungdomslag Ervingen

Men ein ting kan han ikkje…
Med leiarvervet kjem også mykje ansvar. Laget sit på store verdiar i eigedom, og i tillegg kjem personalansvaret.
– Heldigvis tek Fond- og eigedomstyret seg av mykje av dette, men det er klart at vi har ein økonomisk situasjon eg skulle ønskje var annleis. Samstundes synest eg det blir feil viss me berre skal jobbe med tal. Det talet vi skal bry oss mest om, er medlemstalet, seier den engasjerte karen.
Etter ein fortid i Sosialistisk ungdom er han i dag aktiv i Senterpartiet, etter å ha finlese partiprogramma grundig ved forrige kommuneval.
– Dei har det grunnsynet eg identifiserer meg mest med. Ideane er ikkje så ulike tuftene i den frilynde ungdomslagsrørsla, samfunnet bør byggjast nedanfrå, forklarer han.
Håpet er å kunne jobbe med politikk eller organisasjonsliv i framtida, gjerne i eit departement. Men først ventar mastegrad og nye utfordringar i Bergen Ungdomslag Ervingen.
– Du er er politisk aktiv, driv mykje med frivillig arbeid, er konfimasjonsleiar, har eige designfirma, er danseinstruktør, har oppretta folkedansnettstad og har prøvd deg på å lage dansemåter, i tillegg til å vera student. Er det noko du ikkje kan?
– Eg kan ikkje spele eit instrument. Eg har prøvd – piano, fele, hardingfele, munnharpe – men det går ikkje så bra. Eg får det berre ikkje til, smiler han.

Leiarens favorittar:
Songdans: Eg er veldig glad i Ung Åslaug.
Stordans: Då må eg seie Sinklarvisa, det var den første eg lærte meg utombok.
Turdans: Eg er veldig glad i ril.
Bydedans: Der står det likt mellom setesdalgangar og rull. Begge er rolege og beherska.

Laga av Lauen Dans&Design