Landsmøte i Noregs Ungdomslag

Røysting på landsmøtet i NU 20144.-6. april vart det duka til landsmøte i Noregs Ungdomslag på Soria Moria i Oslo og tre dagar med gode debattar, nydeleg dans og mykje song. Frå Bergen ungdomslag Ervingen sendte me tre utsendingar: Ingeborg Hollekim Bringslid, Sigrid Ølmheim og Torbjørn Bergwitz Lauen. I tillegg vart to lagsmedlemmar sendt som utsendingar frå Hordaland Ungdomslag: Hanna Kvalheim Hekkelstrand og Torgrim Ljones.

Ingeborg Hollekim Bringslid

Ingeborg vart vald til 1. vara til styret i NU

Me kan med glede melde at to av våre medlemmar vart valt inn i styret i NU. Endre Kleiveland held fram som leiar, og inn som ny 1. vara kom Ingeborg Hollekim Bringslid. Gratulerer! Du kan lese meir om det nye styret her.

I år vart det vedteke ny langtidsplan, og den nye visjon for Noregs Ungdomslag er Levande lokalkultur. Me gler oss til å jobbe med denne visjonen framover. Du kan lese meir om langtidsplanen her.

Det vart òg vedteke ny styrestruktur frå Noregs Ungdomslag der dei gamle fagråda vart lagt ned, og styre minska frå 9 til 7 medlemmar. Samstundes vart det opna for å gi styret meir fridom til å setje ned ulike utval og nemnder som det høver seg. Denne nye modellen vil gjere NU til ein meir dynamisk og aksjonsretta organisasjon.

Av andre saker kan me mellom anna melde at det vart vedteke å halde på ordninga kring Folkedansfestivalen slik den er i dag, noko som vil sei at det ikkje blir arrangert Folkedansfestival dei åra det er NORDLEK.

Som alltid vart det òg vedteke fråsegner. I år vart to fråsegner vedteke av landsmøte. Den første fråsegna om momskompensasjon for frivillig eigde hus vart fremja av styret. Du kan lese heile fråsegna har.

Den andre fråsegna vart fremja av utsendingar frå laget og omhandla grunnlova i moderne språkdrakt. Du kan lese den under, eller på nettsida til Noregs Ungdomslag her.

Grunnlova i moderne språkdrakt

I jubileumsåret 2014 skal Stortinget ta stilling til ulike revisjonar av grunnlova. Mellom framlegga ligg eit framlegg frå Graver-utvalet i moderne språkdrakt på både nynorsk og bokmål.

Grunnlova er det viktigaste dokumentet me har i Noreg, og det legg grunnlaget for den demokratiske staten me har. Då er det viktig at alle kan forstå kva som står skrive, og at den ligg føre på dei to offisielle målformene me har.

Noregs Ungdomslag krev at stortingsrepresentantane røyster fram Graver-utvalet sitt framlegg til grunnlovsrevisjon.

Laga av Lauen Dans&Design