Ja til betre vilkår for ungdomhus!

penger3
I april sendte representantar for Senterpartiet inn eit framlegg til Familie- og Kulturkomiteen på Stortinget om å betre vilkåra for organisasjonseigde kulturbygg som ungdomshus, grendehus, samfunnshus, bedehus, speidarhus, Folkets Hus og andre typar forsamlingshus. Framlegget gjekk m.a. ut på å gje momskompensasjon til nybygg, påbygg og ombygging til desse kulturbygga slik ein har for idrettsbygg i dag.

Den 21. oktober vart det klart at komiteen, med medlemmar frå Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, ikkje ønskjer å støtte framlegget. Komiteen sine medlemmar meinte at det var nok med å gje momskompensasjon til vedlikehald.

Dei organisasjonseigde husa har i over hundre år fungert som lokalsamfunna sine storstover. Dei har vorte nytta som festlokale, øvingslokale, kino, konsertarena, teaterscene, bibliotek, ungdomsklubbar og til møter for kommunestyrer. Dei har spelt ei utruleg viktig rolle i mange år, og speler framleis ei like viktig rolle som berebjelkar i sine lokalsamfunn. Det komiteen tydelegvis ikkje har fått meg seg er at eit hus bygd i 1910 eller 1950 ikkje dekker dei behova brukarane har i dag, og dei krava som vert stilt til universell utforming. Å vedlikehalde dei er viktig, men vel så viktig er det å bygge om, bygge ut og bygge nytt. Samfunnet endrar seg heldigvis med tida, me vert stadig fleire som skal bruke husa, og me brukar husa på nye måtar.

Å gje organisasjonane momskompensasjon for å bygge kulturhus er ikkje berre støtte til den enkelte organisasjonen, men det er ei investering som kjem heile lokalsamfunnet til gode.

Som det står i fjellvettreglane: Vend i tide – det er ingen skam å snu!

Laga av Lauen Dans&Design