Høyringssvar om NRK-plakaten

nrkI juni sendte Kulturdepartementet NRK-plakaten ut på høyring i samband med den planlagde NRK-meldinga som kjem neste år. Styret i Bergen ungdomslag Ervingen sendte desse krava attende.

Dagens minstemål om 25% nynorsk må halde fram på alle NRK sine plattformer, inkludert nrk.no.

Den beste måten å styrkje nynorsken og sjølvkjensla til nynorskbrukarar er at dei ser, og veit, at nynorsk vert nytta og lever på alle samfunnsområde. Som den største medieaktøren i Noreg har NRK eit særleg ansvar for at nynorskbrukarar får sjå sitt eige mål i media. Dette er spesielt viktig då fleire av dei andre store medieaktørane har redaksjonelle forbod mot nynorsk.

NRK skal løfte fram normert nynorsk tale og dialektar.

Noreg står i ei særstilling i Europa når det gjeld dialektbruk i media, noko som har ført til me i Noreg har stor respekt for språkleg mangfald i tale. Dette er noko NRK bør byggje opp om for å auke forståinga og toleransen for ulike dialektar i Noreg.

Korkje nynorsk eller bokmål åleine kan fullt ut gje ei skriftfesting av ei dialekt. Dette er spesielt ei utfordring med nynorsk som er ein samnemnar for fleire dialektar. Nynorsk normert tale i radio og fjernsyn vil gjere nynorsken meir synleg, og er viktig for innlæringa av skriftspråket. Spesielt der språket er manusbindane eller liknande, som t.d. i nyhendesendingar, bør det nyttast normert tale.

NRK bør ikkje døbbe grannespråka våre, men heller tekste dei.

Dei skandinaviske grannespråka står kvarandre så nært at me som oftast kommuniserer med kvarandre på våre eigne språk når me møtast. Røynda er òg slik at fleire og fleire nordmenn, svenskar og danskar bur i andre skandinaviske land enn sine eigne, og då er det særleg viktig at me forstår kvarandre. Å høyre grannespråka våre frå tidleg barndom styrkjer språkkompetansen og toleransen for språkmangfald. For program retta mot barn bør prinsippet vere at ein tekster der ein kan og berre døbber der ein må.

NRK skal framleis ha eit godt lokalt tilbod og produsere saker lokalt.

Distriktskontora til NRK bidreg til å utvikle gode journalistiske fagmiljø ute i distrikta. Dette er noko som er usikkert om ville eksistert utan NRK. Samstundes er det slik at distriktskontora maktar noko som færre og færre kommersielle aktørar makter, å vere ein redaksjon for heile regionen sin.

NRK skal gje gode vilkår for Nynorsk mediesenter.

Nynorsk mediasenter gjer eit framifrå arbeid med å rekruttere journalistar som nyttar nynorsk som arbeidsspråk, og for å styrkje nynorsk som fagspråk innan journalistikken. Dette er eit arbeid som absolutt bør halde fram. 

Laga av Lauen Dans&Design