MINNEPRIS TIL UNG HARDINGFELESPELAR FRÅ VOLDA

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES SIN MINNEPRIS  2018 er tildelt 16 år gamle Åsmund Arnesen Farstad frå Volda. Prisen, som er på 15 000 kroner, blir delt ut på Vestlandskappleiken på Voss laurdag 27. oktober.

Åsmund er ein kunnskapssøkjande musikar som tek initiativ til å lære og arbeider hardt for å nå måla sine. Han spelar både hardingfele og fele og er aktiv medlem i Spelemannslaget Fjelljom (fele og hardingfele).

Prisvinnaren har for det meste hatt Jorun Marie Kvernberg, Arne Sølvberg og Britt Pernille Frøholm som lærarar på hardingfele, i slåttetradisjonen frå Nordfjord og Sunnmøre. Han har delteke på ulike kurs, prosjekt og samlingar i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Han har hatt fine plasseringar på Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane dei siste åra, i fele/ hardingfele. I 2018 fekk han 1. og 2. plass, fele/ hardingfele, på Fylkeskappleiken i Møre og Romsdal. Her har han fleire gode resultat både i solospel og med grupper som han har leia. I 2017 vann Åsmund Draumestipendet for si allsidige interesse for musikk og som utøvar. Åsmund har ei eiga og spesiell interesse for folkemusikken, og går no første året på musikklinja på Volda vidaregåande skule. Årets prisvinnar er talentfull, flittig og engasjert, og har hatt ei svært positiv utvikling som hardingfeleutøvar dei siste åra. Me ser fram til å fylgja prisvinnaren vidare!

Formålet med minneprisen er å oppmuntre unge lovande utøvarar på hardingfele frå Vestlandet. Prisen er etablert til minne om Audhild Flaktveit Moxnes som var aktiv utøvar på hardingfele og dansa folkedans. Audhild omkom i ei trafikkulukke i Bergen 19. mars 2004, berre 17 år gamal.

Prisen er støtta av Sparebanken Vest og har vore delt ut årleg sidan 2007.

Inga Hilde Breivik har laga diplomet som høyrer til minneprisen.

 

I styret for minneprisen sit:

Arne Anderdal, Solgunn Margaret Flaktveit, Sigrid Moldestad og Eva Marie Toppe.


Laga av Lauen Dans&Design