Kjersti Kindingstad Vågen

AUDHILD FLAKTVEIT MOXNES MINNEPRIS 2016 er tildelt 18 år gamle Kjersti Kindingstad Vågen, frå Kvam i Hardanger. Prisen, som er på 10 000 kroner, vart delt ut på Vestlandskappleiken i Bergen laurdag 01. oktober.

Kjersti Kindingstad Vågen. Foto: Erling Moxnes

Kjersti Kindingstad Vågen. Foto: Erling Moxnes

Styret seier om prisvinnaren:

Kjersti begynte å spele hardingfele då ho var 8 år. Ho har hatt dyktige lærarar i kulturskulen  og på utallige kurs, der Mokursa gjennom mange år nemnes  spesielt. Utøvaren begynte å spele hardingfele hjå Benedicte Maurseth, men ho har og spelt hjå Knut Hamre, Arngunn Timenes Bell og ho er no elev hjå Marta Linga. Utøvaren var Master -class elev i 2015 og er og i 2016 Master-classelev, der Knut Hamre er læremeistar.  Kjersti har delteke på fleire lokale kappleikar  og landskappleikar, i soloklassa,- og som medlem av gruppe og lag. Ho har teke oppdrag på hardingfela si i mange samanhengar , og våren 2015 vart ho mellom anna plukka ut til å spele på  festframsyning i Grieghallen. Kjersti har vore medlem i Hardanger juniorspelemannslag sidan ho var 10 år, og dei siste åra har ho og spelt med seniorlaget. Siste året har ho vore med i Trioen ”Undertonar” – der ho blir utfordra på nye måtar i lag med andre unge dyktige hardingfele- elevar . Årets prisvinnar er ein talentfull, flittig, og engasjert  hardingfele-utøvar som me gler oss til å høyre mykje  i tida som kjem.

Takk til: 

Styret for minneprisen takkar Hordaland folkemusikklag, Spelmannslaget Fjellbekken, Bygdedanslaget i Bjørgvin og Bergen ungdomslag Ervingen for samarbeidet, og at me fekk nytta Vestlandskappleiken som arena for utdelinga. Styret vil òg takke Inga-Hilde Breivik for utforming av diplomen. Og me takkar Sparebanken Vest og andre som gjev økonomiske bidrag til prisen.

Laga av Lauen Dans&Design