Hyttetur for unge vaksne til Eidsholmen

Helga 5.-6. september vert det hyttetur for alle unge vaksne (18-30+) i Bergen ungdomslag Ervingen. Turen går som vanleg til Eidsholmen.

Søndagskaffi utanfor hytta. Foto: Mari S. Lysne

Søndagskaffi utanfor hytta. Foto: Mari S. Lysne

Om ein spelar, dansar, syng, driv med teater eller berre er nysgjerrig på kva som føregår i Bergen ungdomslag Ervingen er ein hjarteleg velkomen til å vera med på hytta denne helga.

Avreise vert midt på dagen laurdag, og attende til byen kjem me søndag ettermiddag. Programmet er laust, og inneheld aktivitetar som bading og kanopadling, kubb-spel, kort-spel, lange måltid og dans og song om det vert stemning for det.

Pakkeliste:

  • sovepose/laken/sengeklede
  • tøfler
  • badeklede
  • handduk og toalettsaker
  • dansesko, instrument, songstemme, handarbeid
  • spel til inne og ute
  • matrett til felles måltid laurdag kveld

Det vert handla inn til føremiddagsmat laurdag og frukost og føremiddagsmat søndag. For å betala for dette kostar turen 100 kr pp.

Påmelding til kontoret@bergen.ungdomslag.no eller til renathe_nilsen (at) hotmail.com innan onsdag 2. september. Når me veit kor mange som fer sender me ut informasjon om avreise – gje gjerne ein lyd om du har bil med plass, så samkøyrer me frå Bergen sentrum eller frå Lagunen.

Les meir om hytta her.

Laga av Lauen Dans&Design