Ny dirigent, nye songar, ny giv!

Kor i trappa

Kanskje ikkje det mest seriøse gruppeportrettet i samlinga, men desto meir representativt for den gode stemninga under fotograferinga. Foto: Bjørn Feltens

Etter ein lang, velfortent sommarferie, og ein relativt mjuk oppstart, er Kor e Tonen no godt i gong med haustsesongen. Ikkje berre har vi spennande nytt repetoar å sette klørne i, og nye songarar i rekkene, koret har òg fått ny kunstnarisk leiing! Thea Meidell Sjule byrja i stillinga som ny fast dirigent for Kor e Tonen i august. Thea har nyleg fullført mastergrad i musikkpedagogikk ved Høgskolen i Bergen og har tidlegare dirigert blant andre Volve Vokal. Vi er svært glade for å ha knytt ein så dyktig dirigent som Thea til koret vårt.

Repertoaret for hausten er variert og inkluderer blant anna korversjonen av Fleet Foxes’ «White Winter Hymnal», «Northern Lights» av Ola Gjeilo, eit spennande arrangement av Beatles-låten «Ticket to Ride» og folketonen «Ned i vester soli glader». Mange av låtane er heilt nye, men somme skattar er òg henta fram frå arkivet.

Den 25. september heldt koret sin første opptreden for hausten, på besøk hos Bergen Vocalis i Åsane. Som alltid er det kjekt å syne fram det ein jobbar med for andre songarar. Vi reknar med å delta på fleire korkaféar i løpet av hausten,  før vi avsluttar semesteret med konsert i Gimle søndag 11. desember. Sett gjerne av datoen allereie no!

Den store sosiale hendinga i haustsemesteret er hytteturen i slutten av oktober. Det er lenge sidan forrige gong Kor e Tonen vitja Eidsholmen, så dette er noko vi gler oss stort til. Dei særskilt reiseglade har også allereie no byrja planlegginga for korcruise til Danmark i februar.

Koret rekrutterer stadig nye songarar og har i skrivande stund ei besetning på rundt 10-12 sopranar, 10-12 altar, 5 bassar og 2 tenorar. Tradisjonen tru tek vi derfor gjerne imot fleire songglade menn i rekkene!

Laga av Lauen Dans&Design