Kor e’ tonen mot ein ny vår

Kor e’ tonen har det alltid kjekt på øvingane sine. No vil dei at fleire skal bli med på moroa.

Måndag 18. januar inviterer koret til open øving for alle som lurer på om koret er noko for dei. Så om du er på leit etter eit ungt blandakor i Bergen, med eit vidt repertoar og ein sosial profil, er det berre å komma innom i Gimle på måndag, eller senda koret ein e-post på koretonen@hotmail.com. Du kan lesa meir om koret her.

Koret har i lang tid ynskt seg fleire bassar og tenorar, men no er det òg moglegheiter for altar og sopranar. For å likevel fri spesielt til mannsstemmene, har dei spelt inn reklamefilm basert på Lady Gaga-songen Applause. Heile filmen kan du sjå på Facebook-sida til koret.

How low can you go, how high can you sing

We want to hear it, come and give us everything

Laga av Lauen Dans&Design