Requiem i Domkirken

Helga 24.-24. januar møttest omlag 40 korsongarar frå Kor e’ tonen og Konsonans i Sandvikskirken og i Gimle for å øva til vinterens storhending, nemleg Requiem-konserten i Bergen Domkirke 15. februar.

Konsonans og Kor e' tonen. Foto: Elin HestenesI løpet av hausten og vinteren har kora øvd på rekviemet skrive av John Rutter, i hovudsak kvar for seg, men innimellom samla. I desember tok dei pause for å trylla fram ein felles julekonsert, som omlag 150 besøkande i Gimle fekk nyta godt av, men så var det attende til Rutter og Requiem. No, tre veker før konsert, byrjar ting å falla på plass. I Sandvikskirken ljoma det av Sanctus, medan det vart kviskra lidanden Agnus Dei i Gimle. Enno står det att nokre detaljar å jobba med, men både kor og dirigentar har trua på at dette vert ei fin oppleving, både for dei syngande og dei lyttande.

Konserten vert i Domkirken 15. februar kl. 19. Med på laget er i tillegg til dei to kora dirigert av Tore Kloster eit heilt lite orkester og ein solist. Billettar kan ein kjøpa i døra eller frå kormedlemane på førehand.Plakat for Rutters Requiem. Design: Silje Søviknes

Laga av Lauen Dans&Design