Korkonkurranse i Grieghallen

Førre helg tok Kor e’ tonen del i korkonkurransen Syng for oss i Grieghallen. Saman med 7 andre kor stilte dei i klassen for blandakor, og endte på delt 5. plass.

Kor e' tonen på Syng for oss 2014. Foto: Norges Korforbund Hordaland

Kor e’ tonen på Syng for oss 2014. Foto: Norges Korforbund Hordaland

Kor e’ tonen har arbeidd parallelt med konkurranserepertoar og festmusikk det siste semesteret. Festmusikken fekk gjester på basaren 25. mai oppleva, medan konkurranserepertoaret vart vist fram i Grieghallen førre laurdag, under korkonkurransen Syng for oss. Dette er ein konkurranse som vert arrangert av Norges Korforbund Hordaland annakvart år, og i 2012 vann Kor e’ tonen sin klasse. Seier vart det ikkje i år, men koret var godt nøgd med innsatsen likevel. Publikum skraut av både klassiske stykke og folketonar, og koret har fått blod på tann: neste semester vert det både eit og to prosjekt, og dessutan skal dei skaffa enno fleire flinke mannfolk til den songglade – og vakre – gjengen.

Laga av Lauen Dans&Design