Kling jula inn

Tradisjonen tru inviterer Kor e’ tonen òg i år til julekonsert i Gimle. Og dei slår på stortromma: det vert både to konsertar og to kor!

Kor e’ tonen samarbeider i år med Konsonans om eit større kor-prosjekt. Dei skal framføra Requiem av John Rutter i Domkirken i februar, og øver fram mot det. Men førjulstida og julekonsertsesongen kan dei likevel ikkje lata gå forbi i stille, og syntes dermed det var naturleg å slå seg saman med Konsonans til den òg. Dermed er det to kor som har sett rekviemet litt på vent, og i desse dagar øver for fullt fram mot ein av dei kjekkaste førjulstradisjonane dei veit om. Publikum kan i år gle seg til at to kor syng både gamle kjente og nyare julesongar i Gimle andre søndag i advent.

Fyrste konsert startar kl. 17, medan den andre byrjar 19.30. Etter begge konsertane vert det høve til å kjøpa kaffi og kaker i kafeen. Billettar kan ein kjøpa i døra eller på førehand her.

Laga av Lauen Dans&Design