Speleferd i Hardanger

Fredag 1. april reiste 11 speleglade speledamer frå Audhilds på speleferd til Utne i Hardanger. Det vart ei inspirerande helg, og ein fin måte å avslutta vinterferien, og ynskja våren velkomen på.

Fredagen var det duka for konsert med meisterspelemennene Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Astrid Sulheim på Hardanger Folkemuseum. Dette gav ei inspirerande innleiing til ei helg med mykje spel og moro. Konserten falt godt i smak hjå samtlege. Nokre planla til og med at dei måtte få den med seg ein gong til når dei skulle spela i Bergen!

På laurdagen starta me kurset. Kursleiaren vår var sjølvaste Frank Henrik Rolland. Ikkje berre er han ein av Noregs fremre spelemenn, men han arbeider også på museumet. Det er ikkje på kvart kurs ein lærer ein slått, for å så få sjå fela som spelemannen spelte på!

Kurs på Utne. Foto: Borghild Marie Opdahl

Kurs på Utne. Foto: Borghild Marie Opdahl

Me var heldige og fekk overnatta i hytter som låg rett ved vasskanten, med panoramautsikt til fjord og fjell! Ikkje nok med at hyttene var av høg standard; me hadde også med oss sjølvaste leiaren i laget, Borghild, som kokk! Ho lagde pannekaker til frukost, suppe til lunsj, og heimelaga lasagne til middag. – Luksus! Etter middagen på laurdagskvelden, vart det enda meir speling, men no i form av brettspel; nemleg “Alias”. Konkurranseinstinktet kunne ein sjå kom tydeleg fram hjå dei fleste!

På sundagen vart det repetisjon av dei slåttane me allereie hadde lært, men me fekk også læra nye slåttar, både bygdespel og valsaspel. Tusen takk til Frank for ei fin helg på Utne, med oppleving av hardangerkulturen i fantastiske omgivnadar!

 

Laga av Lauen Dans&Design