Kurs i hausttid

Etter at Audhilds hadde hatt eit kurs med John Ole Morken i fjor, var me alle samde i at me burde få han tilbake til Bergen. Denne gongen tok me han med til hytta på Eidsholmen.

Hyttetur

Hyttetur. Foto: Sanna Lutosja

Totalt var me fjorten som var med på kurs. På fredagen, 11. november, vart me serverte fredagstaco (sjølvsagt). Det var noko kaldt i hytta i starten, men det vart fort varmt då alle var komne i hus. På fredagen var det vals og reinlender som stod på programmet. Då lærte me ein vals etter Johannes Stegaflot, og reinlender etter Marius Nytrøen. Resten av kvelden gjekk elles til snop og speling.

På laurdagen vakna me utkvilte og klare til å ta fatt på nye slåttar. Då var det rull og springar som stod for tur. Rullen me lærte var etter Ketil Kanikkeberg, og springaren var i form etter Magnus Botnet. Begge slåttane er lite, eller ikkje noko brukte i dag. – Litt ekstra stas å kunna spela slåttar som ingen andre kan!

Til middag vart det lapskaus, og til kvelds åt me lasagne. Tusen takk til våre supre, private kokkar!

På kvelden hadde Audhildsstyret også laga quiz, som det verka ut som fall i smak hjå dei fleste (i alle fall dei som vann).

På søndagen var me så heldige at me fekk læra litt polsmateriale på flatfele. Det er noko tungt å spela på vanleg fele når ein er vane med hardingfele, men veldig kjekt å prøva!

Tusen takk til John Ole for eit supert kurs, og takk til alle de andre som gjorde helga super!

Audhilds på hyttetur. Foto: Sanna Lutosja

Audhilds på hyttetur. Foto: Sanna Lutosja

Laga av Lauen Dans&Design