Stemningsfull julekonsert på Lucia-dagen

Det byrja roleg, med dempa lys og fire barnestemmer som song “Svart senker natten seg” medan dei med tente lys gjekk mellom stolradene i Gimle. Til andre verset stemte publikum i, og koret, med ikkje fullt så spede og sarte stemmer, fann sin plass.Med det var den årlege julekonserten i gang.

Kor e’ tonen hadde i år fått med seg spelmannslaget Audhilds, og det var særleg fellesnummera som fekk opp temperaturen – og hausta mykje skryt – på denne konserten. Men koret sjølv var nøgde med både eigne nummer, gjestene frå Audhilds sine danseslåttar som fekk sjølv stive korbein til å trampa takta, og ikkje minst publikum sin innsats. Koret sin dirigent gjennom 17 år, Elin Hestenes, vart takka av på konserten, og i takketalen vart den viktigaste lærdommen etter henne trekt fram – at alle kan synga, og ha glede av det. Det viste både spelmenn, publikum, dei innlånte Luciane og koret denne kvelden.

Laga av Lauen Dans&Design