Nybegynnarkurs i norsk folkedans, 1.-2. september

Har du høyrt om tung, lett, lett?
Halling er vel berre hopp og sprett?
Springar, treng du kondis då?
Bli med på kurs, så skal du få sjå!

På reinlender treng du å bytte fot,
elles kan det fort bli rot!
Og pols har gjerne ein ukjent takt,
då er det best å vere på vakt!

Men som polka er begge to veldig stas,
bli med oss, så skal du få sjå, det er ikkje noko mas!
For dansing held deg evig ung,
då vert du lett, lett, og slettes ikkje tung!

Så kom på nybyrjarkurs med oss i Gimle,
då skal de få smile, og kanskje bli litt svimle!
Men vi lovar god stemning og kjekk prat,
og kanskje litt småsøtt til kaffimat!

https://www.facebook.com/events/224914074874602

Laga av Lauen Dans&Design